Hopp til innhold

Landa denne etter berre fire minutt – men fiskarane veit det finst større laks i elva

Det har vore ein variert start på laksefisket i elvane i Sogn og Fjordane. I Årøyelvi i Sogndal ventar dei framleis på dei skikkeleg store ruggane.

Eilif Eckhoff landa ein hofisk på 10,1 kilo som den første laksen i Årøyelvi 2014

SJUANDE KASTET: Berre fire minutt over midnatt 1. juni, på det sjuande kastet, landa Eilif Eckhoff denne hofisken på 10,1 kilo. Hofisken hadde klippa feittfinne, noko som tyda på at laksen stammar frå klekkeriet.

Foto: Privat

– Vi fekk den første fisken fire minutt inn i 1. juni, og på det sjette eller sjuande kastet vart det landa ein laks på 10,1 kilo, fortel grunneigar Knut Munthe Olsen før han er rask å legge til:

– Men med fare for å verke litt høg på seg sjølv, så er dette vanleg i juni, som er ein storlaksmånad i Årøyelva. Så vi går å ventar på dei som er endå større, gliser han.

Fekk festa alt på film

Land og strand rundt går dei ivrige fiskarane og ventar på at laksefisket skal opne om våren.

I Sogn og Fjordane var det mange som hadde nedfelling til midnatt natt til 1. juni, då opna fisket i både Flekkeelva, Eidselva, Osenelva, Gaula, Gloppenelva, Åelva, Ommedalselva, Nausta og Årøyelvi i Sogndal.

Grunneigar Knut Munthe Olsen i Årøyelvi fortel at dei i Sogndal hadde med seg eit film og TV-team den første dagen.

– Dei hadde kamera på, så det var ekstra moro at vi fekk alt på film, slik vi hadde lova dei, flirer han.

Det var fiskaren Eilif Eckhoff som landa den første fisken, og Munthe Olsen fortel at hofisken på 10,1 kilo hadde slukt floga.

– Den blødde mykje sidan kroken sat fast i gjellene, og endar sine dagar i røykehuset. Eckhoff miste to laks etter dette, før han fekk ein ny laks i går kveld. Den var på 8 kilo, fortel grunneigaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sikra hofisk på 10.1 kilo med denne i Årøyelvi

STORLAKS: Fiskaren Eilif Eckhoff landa ein storlaks på like over 10 kilo med denne floga natt til søndag.

Foto: Privat

– Fantastiske forhold

Munthe Olsen seier juni månad tradisjonelt sett er ein god månad i denne elva, då over 50 prosent av laksen er storlaks. Med den vinteren og våren vi har bak oss ligg forholda godt til rette for at fiskarane som tek turen hit kan få seg minne for livet.

– Det er fantastisk flotte forhold her, både i forhold til vassføring og temperatur. Våren har vore tidleg i år, så alt ligg til rette for eit godt fiske, fortel Munthe Olsen.

Noko anna som gler han ekstra med den første fisken som var landa, er at det er ein av deira eigne som har vendt heim.

– Den første fisken som vart landa var ein fisk frå klekkeriet vårt. Det at det var ein av dei vi har sett ut sjølve, og at dei kjem tilbake til elva, er kjekt, konstaterer grunneigaren.

– Ein veldig bra start

Ein annan som har hatt grunn til å glise dei siste dagane, er grunneigar Ola Kjell Loneland i Flekkeelva i Fjaler.

– Med den vassføringa vi har no og slike ting, så har starten vore veldig bra, seier grunneigaren.

Berre timar etter at laksefisket opna i Flekkeelva natt til søndag vart den største fisken minst 30 år landa.

– Eg kjende med ein gong han tok at han var stor. Han var veldig sterk, fortalde fiskar Rune Eide til NRK.no i går om laksen på 15 kilo.

Eide la ikkje skjul på at pulsen steig veldig og at han fekk hjartebank då han forstod at det var ein storlaks han hadde fått på.

Grunneigar Ola Kjell Loneland var også heldig i går.

– På tredje eller fjerde kastet beint på han, og det var ein fisk på akkurat fem kilo, fortel Loneland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Eide - storlaks

STØRSTE PÅ 30 ÅR: Rune Eide tok natt til søndag den største laksen på veldig, veldig lenge i Flekkeelva i Fjaler.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

Dårleg i Eidselva

Men medan dei gler seg over ein fin start i både Årøyelvi i Sogndal og Flekkeelva i Fjaler, er dei ikkje fullt så muntre i Eidselva i Nordfjord. Svein Morten Eikesett som er formann i Eid sportsfiskarlag skulle aller helst hatt ein annan start på sesongen.

– Det har vore ei svak opning. Det er ein seks fiskar som er landa, noko som er ganske dårleg i forhold til kva vi pleier ligge på, seier Eikeset og er tydeleg skuffa.

– Kvifor er det slik?

– Det må først og fremst vere at det er mindre fisk i elva. Her er rikeleg med fiskarar som prøvar seg, seier han.

Formann i Eid sportsfiskarlag Sven Morten Eikeseth ser utover Eidselva

SKUFFA: Formann i Eid sportfiskarlag, Sven Morten Eikeseth, er skuffa over starten på fisket i Eidselva.

Foto: Harald Kolseth / NRK