Hopp til innhold

«Eg fekk skikkeleg hjartebank»

Natt til sundag, berre timar etter laksesesongen starta, tok Rune Eide den største fisken i elva på minst 30 år.

Rune Eide - storlaks

STØRSTE PÅ 30 ÅR: Rune Eide tok i natt den største laksen på veldig, veldig lenge i Flekkeelva.

Foto: Bjørn Tore Løkkebø

– Eg kjende med ein gong han tok at han var stor. Han var veldig sterk, seier Rune Eide.

– Pulsen steig noko alvorleg

Grunneigar i Flekkeelva, Ola Kjell Loneland, stadfestar at ruggen på 15 kilo er svært spesiell.

– Det er i alle fall 30 år sidan sist nokon fekk ein så stor laks her. Eg trur godt det kan vere enno lenger sidan også, seier Loneland.

Rune Eide kjende også at det var noko spesielt.

– Pulsen steig noko alvorleg, og eg fekk skikkeleg hjartebank. Kjensla av å få stor fisk er vanskeleg å skildre. Det er spenning blanda med angst for å miste fisken. Det var utruleg.

Frykta dårleg sesong, men ...

– Eg likar best flugefiske, men eg tok dei faktisk på sluk. Kampen varte faktisk ikkje meir enn eit kvarter med den største.

Håkon Huseklepp

6–7 KILO: Det var ein blank, fin fisk, seier Huseklepp.

Foto: Privat

Eide fekk nemleg tre laks den første natta, som også gjer at han har fylt kvoten. Det har fleire andre også. Ein god del som har fått fisk, og tre personar har fått tre fiskar kvar, opplyser grunneigar Loneland.

Håkon Johannes Huseklepp er ein annan som har hatt fiskelykke. Han fekk ingenting i natt, men var tidleg oppe att i dag.

– Å liggje å sove gir ingenting. Klokka kvart over elleve i Harafossen var han på, ein fin blank fisk på mellom seks og sju kilo, seier ein entusiastisk Huseklepp.

Dobbel fiskelukke for Roar Halkjelsvik i Eidselva i natt.

7,5 KILO: Begge fiskane som Roar Halkjelsvik drog på land i Eidselva i natt var det god storleik på.

Foto: Harald Kolseth

Det dei frykta ville verte ein dårleg sesong i Flekkeelva teiknar no til å verte langt betre enn venta.

– Elva er låg og det er lite vatn. Vi var realistar i år, og tenkte at forholda kanskje ikkje var ideelle, seier Huseklepp.

Og no kan dei gode tidene fortsetje

For alle lakseentusiastar som vel Flekkeelva kan dei fyrste 15 timane tyde på at det er mykje å gle seg til. Uansett er gleda over å vere tilbake i elvane kanskje nok for mange.

– Det er fantastisk artig. Vi som er bit av denne basillen ventar 9 månadar på fiskesesongen, seier Huseklepp.

Laks

GLOPPEELVA: – Ei fantastisk kjensle når det smell, seier denne innsendaren. Kampen mot 11 kilo laksemusklar var tøff. – Han var hissig og vill.

Foto: Innsendar

Rune Eide skulle sove litt når NRK prata med han i ettermiddag. Det er vel ikkje lett å sovne inn med eit 15. kilos adrenalinkick friskt i minnet.

– No unner eg dei andre der oppe i elva å få laks. Kanskje i overkant når eg får tre. Håpar dei andre der oppe får fisk.

Send oss dine laksebilete eller videosnuttar til sf@nrk.no, eller merk med #nrksf på Instagram, slik som denne karen gjorde i natt: