Hopp til innhold

Nyvinning gjer at Olav (82) kan bu heime

BREIM (NRK): – Eg ser ikkje lenger noko som kan hindre meg i å vere heime, seier Olav Aardal.

Olav Aardal

NY KVARDAG: Olav Aardal (82) har fått ein ny kvardag etter at han fekk bygd om badet sitt.

Foto: Artur do Carmo / NRK

For halvanna år sidan vart Olav Aardal råka av eit slag og vart halvsidig lamma i venstre side av kroppen. Avhengig av rullestol såg det mørkt ut for at 82-åringen kunne fortsette å bu heime.

Tronge bad

Heimen til Aardal vart bygd på 1800-talet. Baderomsløysinga var ikkje optimal med tanke på hans nye kvardag.

– Når eg skulle dusje var det vanskeleg å kome inn på badet. Då måtte eg bruke både rullestol og rullator for å kome på plass, seier han.

Olav Aardal

VIL BU HEIME: For Olav Aardal var det viktig å framleis kunne bu heime etter at han vart halvsidig lamma etter eit slag.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Badet var fordelt på to rom. Det var trongt og vanskeleg å kome til når han skulle stelle seg. Situasjonen var ikkje berre krevjande for han, men også for pleiarane.

– Han kom ikkje inn på badet sjølv, og det var ein tung jobb for hjelparane når dei skulle stelle han, seier sjukepleiar, Norunn Sunde.

– Ein ny kvardag

For Aardal var det viktig å kunne bu heime. Etter eit rehabiliteringsopphald på Gloppen omsorgssenter vart han introdusert for ei løysning som kunne gjere ynskje hans mogleg.

– Mot slutten av opphaldet fekk han høyre om WeC prosjektet, eit vendbart toalett. Han fekk også teste ut løysinga, seier Sunde.

Norunn Sunde frå Gloppen

HJELP: Norunn Sunde hjelpte Olav Aardal å få nytt bad.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Det tok ikkje lang tid før han bestemte seg for at dette var noko han skulle ha. Ombygging vart sett i gong 29. april 2018, og etter to og ei halv veke kunne han flytte heim att til nytt bad.

– Eg har fått ein ny kvardag. No køyrer eg inn med rullestol og ordnar alt ved klosettet. Det er heilt fantastisk, seier Aardal.

Det nye baderommet til Aardal har snudd om på kvardagen hans. No har han god plass og alt i eitt rom.

Det nye badet til Olav Aardal

NYTT BAD: – Badet er heilt fantastisk, seier Olav Aardal. Det nye baderommet gjer det mogleg for han å bu heime, då han ikkje treng så mykje hjelp til stell lengre.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Funksjonelt

– Dette er Bano sitt WeC-toalett. Det er eit elektrisk hev, senkbart og svingbart toalett, og kan snu seg 230 grader, seier Sunde.

Toalettet er ei nyvinning produsert av Bano. Selskapet held til på Sandane i Gloppen kommune, og har i 20 år jobba for å utvikle baderom tilpassa eldre og pleietrengande.

– Det som er viktig med eit slikt bad er at det er nærleik mellom toalett, vask og dusj. Vi kan snu toalettet mot vasken når dei skal vaske hendene, og vi kan snu det andre vegen når dei skal dusje, seier Sunde.

Toalettet er for tida på utprøving, men Sunde håpar at det snart vert godkjent og tilgjengeleg gjennom Nav sin hjelpemiddelsentral.

Norunn Sunde demonstrerar vendbart toalett

DEMONSTRERER: – Det er 30 cm frå toalettet og bort til vasken, seier Norunn Sunde. Det vendbare toalettet skal gjere det enklare for eldre å bu heime.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Unikt toalett

– Det finst ikkje tilsvarande løysingar nokon andre stader i verda. For oss er dette ein verdssensasjon, seier Jan Kåre Austrheim.

Han er kommunikasjonsdirektør i Bano, og fortel at dei vidareutvikla ideen om det vendbare toalettet etter at dei vart presentert for ei skisse laga av tre svenske studentar ved KTH i Sverige.

Jan Kåre Austrheim framfor Bano fabrikken

NY FABRIKK: – Denne fabrikken er berre tre månadar gamal, seier Jan Kåre Austrheim i Bano. Fabrikken som ligg på Sandane produserer funksjonelle baderom for eldre og pleietrengande.

Foto: Artur do Carmo / NRK

No har Bano som mål at det ferdige produktet vert tilgjengeleg for alle brukarar som treng det i løpet av 2019.

– Ved at fleire private brukarar kan få dette installert i heimane sine vil ein også kunne redusere behovet for institusjons- og omsorgsplassar, seier han.

Arbeidskvardagen for pleiarar og hjelparar vil også verte betre. Mindre belasting og slitasje, samt mindre sjukefråvær er nokre av fordelane han nemner.

– Kanskje kan det føre til at vi kan møte den komande eldrebølgja på ein enda betre måte, seier Austrheim.

– Fantastisk bra

Førre torsdag tok statsminister Erna Solberg turen til Sandane. Her fekk ho omvising på fabrikken til Bano, og fekk sjølv sjå det vendbare toalettet.

– Eg tykkjer det er fantastisk bra. Det er viktig det denne bedrifta har fått til i samarbeid med andre kommunar og Helse Bergen, seier Solberg.

Olav Aardal og Erna Solberg

KJEKT MØTE: Olav Aardal møtte statsminister Erna Solberg då ho var på besøk på Bano fabrikken. Solberg fekk demonstrert korleis det vendbare toalettet fungerer.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho seier at funksjonelle bad som kan føre til at eldre og pleietrengande kan bu lengre heime er viktig, og kan betre livskvaliteten deira.

– Dersom ein kan få til det meste sjølv i kvardagen utan hjelp, så gir det meistringskjensle, meir muskelbruk, og ikkje minst ein betre alderdom. Det er viktig, seier ho.

Saman med dyra

– No lever eg eit normalt liv, slik eg har gjort i alle år, seier Olav Aardal.

Olav Aardal og lam

VIKTIG: – Nabokona gir dei mat om morgonen, elles fôrer eg flaskelamma to gonger for dag. For Aardal var det viktig å kunne fortsette å bu heime saman med dyra sine.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Sidan 1975 har han stelt med dyr som han har på garden sin. Han fortel at han får til det aller meste på eiga hand, og meiner han no kan bu heime på uavgrensa tid.

– Sjølv er eg imponert over alt eg får til no. Eg ser ikkje lenger noko som kan hindre meg i å vere heime, avsluttar han.