Hopp til innhold

- Livsstilendring for sjukleg overvektige har liten effekt

Ny forsking syner at dei fleste pasientar med sjukleg overvekt har liten eller ingen effekt av å få endra livsstilen sin gjennom innlegging på institusjon.

Svært mange overvektige tyr til fedmekirurgi, trass at dei har vore gjennom behandling med livsstilsendringar.

Livsstilsendring er ikkje nok, meiner forskar.

Forskar John Roger Andersen har sett på 41 pasientar som starta på eit intensitvt opphold i Ebeltoft Danmark og ved Hauglandsenteret i Fjaler for åtte år sidan.

Trass i god effekt under opphaldet, har 80 prosent likevel blitt fedmeoperert, eller står i kø for operasjon.

– Dramatisk skilnad

– Livsstilsbehandling på institusjon gir ein god effekt der og då, men det gir ingen langvarige resultat for majoriteten av pasientane. Kun for nokon svært få, seier Andersen til NRK.

Han meiner at for dei fleste av pasientane skil livet på institusjon seg så dramatisk frå kvardagslivet.

– Det livet på institusjon er så skjerma og spesielt, og skiljer seg så voldsomt ut frå dagleglivet at det fungerar ikkje. Dersom ein treng eit stort vekttap grunna fedmen sin og ein veit det og ønskjer det sjølv, så er fedmekirurgi det som gir best effekt, seier Andersen.

Det var magasinet Sykepleien Forskning som først fortalde om resultata frå arbeidet. Du kan lese meir om dette her.

inger johanne osland

ALTERNATIV: Inger Johanne Osland ved Hauglandsenteret vil gjerne sjå meir forsking.

Foto: Johan Moen / NRK

– Ulike alternativ

På Hauglandsenteret i Fjaler i Sunnfjord, har Røde Kors drive med ulike former for rehabilitering og behandling i mange år. Dei har erfart at 16 veker samanhengande behandling med livsstilendring blir i lengste laget.

– Vi valde difor å bryte opp opphaldet, slik at dei ikkje skulle vere 16 veker samanhengande hos oss, men fordele dei vekene over to år, seier leiar ved Hauglandsenteret, Inger Johanne Osland.

Ho vil gjerne sjå litt fleire forskingsresultat framover før ho konkluderer.

– Eg trur det er fornuftig å ha ulike alternativ. Kanskje dei som ikkje er dei aller tyngste, vil absolutt kunne profittere på ei livsstilendring. Men at det er krevjande, det er heilt klart.