Hopp til innhold

Vel fly framfor buss - no reduserer Nettbuss talet daglege avgangar

Stadig fleire nordfjordingar vel fly frå Vigra i Ålesund framfor buss. Det gjer at Nettbuss ekspress frå årsskifte går frå tre til to daglege avgangar.

Nettbuss taper for fly

FÆRRE AVGANGAR: Nettebuss reduserer talet på daglege avgangar i Nordfjord.

Foto: Montasje

– Bakgrunnen er i grunnen dårleg økonomisk utvikling over fleire år, seier Svein Arne Vik som er marknadssjef i Nettbuss ekspress.

Frå årsskifte får dei bussreisande i Nordfjord eit redusert tilbod. Sterk konkurranse frå mellom anna Vigra gjer at Nordfjordekspressen kuttar ein dagleg avgang.

Svein-Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss

KUTTAR RUTE: Svein-Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss.

Foto: Nettbuss

– Dei siste åra har det blitt ein tøffare konkurranse, spesielt frå fly. Så eg vil seie at dei siste åtte – ti åra har konkurranse tilspissa seg, seier Vik.

Kuttar dagruta

Det er dagruta som vert kutta, og morgonruta skal gå tre timar seinare enn i dag.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) meiner det lokale busstilbodet vert svekka når Nettbuss no skal redusere Nordfjordekspressen frå tre til to daglege avgangar.

Kristin Maurstad

SVEKKA TILBOD: Kristin Maurstad (Ap) er ordførar i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er mange som brukar denne ruta, og det er tilbod vi burde få behalde. Dette er ikkje bra for kollektivtilbodet i Nordfjord så dette er noko vi må undersøke nærare, om det er noko vi kan gjere for å få dei til å halde oppe tilbodet, seier Maurstad.

Kompensasjon

Seinast i fjor fekk Nettbuss kompensasjon frå Fylkeskommunen for å halde fram med ruta til Måløy, men det har ikkje redda ruta.

– Vi ser at den kompensasjonen diverre ikkje er nok, og vi er nøydde til å ei endringa for at vi skal kunne ha eit tilbod som skal stå seg i framtida, seier Vik.