Mannen, som er i byrjinga av 30-åra, heldt fram med å kveikje på brannar andre stader i landet, og er no dømd til fengsel i to år og seks månader.
Brannen ved Kværner Kleven midt på 90-talet er oppklart. Arkiv NRK.
Sju falske meldingar i Florø
Mannen jobba som vektar i Florø mellom 1995 og 1998. I løpet av denne perioden leverte han inn sju falske meldingar til politiet. Alt skal ha skjedd i jobben som vektar. Mellom anna varsla han om innbrot som han sjølv utførte, hærverket han melde frå om hadde han sjølv gjort med eit balltre og det at han blei slått ned i vakttenesta, var løgn. Men det mest alvorlege – meinte retten – var brannen han sjølv kveikte på ved Kværner Kleven.
Færre hendingar etter at han slutta
Men han blei aldri teken for episodane i Florø og flytta vidare til Trondheim. Eit vitne i retten påpeika at talet på hendingar gjekk vesentleg ned etter at mannen slutta i jobben.
I Trondheim heldt han fram med brannstifting. I 2000 kveikte han på leilegheita som han leigde i sentrum av Trondheim. To år seinare var mannen busett i Brønnøysund då han på nytt kveikte på sin eigen bustad.
I samband med den siste brannen vart mannen varetektsfengsla, og under avhøyr la han alle kort på bordet. Mannen tilstod alle brannane, også den i Florø på midten av 90-talet.
Trong for merksemd
Han skal ha forklart at han kveikte på brannen i Florø for at han ville rapportere noko og dermed vise at han kunne jobben sin. Retten meinte også at behov for merksemd var årsaka til alle dei falske meldingane til politiet.
Mannen blei i Brønnøy Tingrett i Nordland dømd til fengsel i to år og seks månader. Eitt år av dommen er gjort på vilkår. I tillegg må han betale omlag 5 millionar kroner i erstatning til bankar og forsikringsselskap.
Kleven Florø AS får også 153.000 kroner i erstatning.