Hopp til innhold

Veit ikkje korleis dei skal løyse luktproblema

Sunnfjord Miljøverk driv kompostanlegget sitt på nåde for tida. Men styret treng meir tid for å finne ut korleis dei skal kvitte seg med lukta som gjer at naboane nesten kastar opp.

Komposthaug

STINKAR: Store haugar med kloakkslam som ligg utanfor anlegget til Sunnfjord Miljøverk i Hesjedalen blir kompostert i mål om å få jord. Prosessen gir frå seg ei ekkel lukt som plager naboane.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg forstår at det er ei grense for kor lenge naboane kan leve med utfordringane vi har no, seier styreleiar Oddmund Klakegg.

Likevel har ikkje han og resten av styret i Sunnfjord Miljøverk noko løysing på blokka enno. Fredag var styret samla på anlegget i Hesjedalen i Førde, der det illeluktande problemet ligg like utanfor.

Store haugar med kloakkslam har ført til dårleg lukt for naboane i ei årrekkje, men på grunn av ein ny metode å kompostere avfallet på, har lukta blitt endå verre i sommar.

– Ikkje verande på tunet

Kompostlukt

MARERITT: Magnar Indrebø og familien opplever det som eit mareritt å leve med lukta som kjem frå avfallsanlegget berre 500 meter unna.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Å kjøpe ut naboane er eit alternativ styret har lagt vekk, og det er heller ikkje ei løysing naboane er spesielt interesserte i. Men at noko må gjerast, og det straks, har nabo Magnar Indrebø vore tydeleg på.

– Når vindforhold og vêr er riktig, er det så tung og rå lukt her at det ikkje er verande på tunet der vi bur, har han tidlegare fortalt NRK.

Kloakkslammet stammar frå reinseanlegg og septiktankar i sunnfjordkommunane. Målet for miljøverket er å klare å ta imot og behandle avfallet på anlegget i Hesjedalen, og ikkje køyre det vekk til andre anlegg. Men:

– Det er ikkje tvil om at nabolaget føler ubehag, seier Klakegg.

For å bli kvitt lukta finst det fleire moglege løysingar. Klakegg nemner til dømes:

  • Bruke kalktilsettingar for å redusere lukta
  • Dekke til komposten
  • Byggje inn kompostanlegget i eit innandørsanlegg

Vil bruke tid på å ta avgjerd

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

MÅ BRUKE TID: Styreleiar Oddmund Klakegg seier styret må bruke tid på å bestemme seg for kva løysing dei skal gå for. Det kan vere snakk om millionar av kroner i investeringar, og ei avgjerd må vere gjennomtenkt og kvalitetssikra.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Felles for dei alle er at det kan bli kostbart, og då vil styreleiaren vere sikker på at dei tek rette avgjerda.

Ein hall kostar til dømes 5.500 kroner kvadratmeteren. Transport ut av fylket er heller ikkje rimeleg.

– Skal ein byggje inn komposteringsanlegget vil det bety mange, mange millionar i investeringar for miljøverket. Då må vi vite at det fungerer. Så må det setjast opp mot å kjøpe tenesta andre stader, seier Klakegg.

Ordninga med den såkalla rangkomposteringa som dei driv med akkurat no, går som eit prøveprosjekt fram til 1. september. Neste veke skal styret i miljøverket ha møte med både Fylkesmannen og Mattilsynet. I tillegg får dei ein rapport om kva dei forskjellige løysingane vil medføre.

– Kor raskt blir det ei løysing?

– Vi har nok litt press på oss, og eg trur naboane har vore tolmodige med miljøverket over lang tid. Det set eg pris på. På kort sikt prøver vi å bøte på med mellombelse tiltak, fram til vi får på plass nokre løysingar på lengre sikt.

– Målet for styret er at det ikkje skal gå på kostnad av naboane sitt velvære og trivsel, understrekar styreleiaren.