Hopp til innhold

Vegvesenet skal asfaltere «Sigrid Bonde Tussvik»

I vegvesenet sitt program for asfaltering i Sogn og Fjordane er det ein tunnel som har fått namnet «Sigrid Bonde Tussvik tunnelen». Rørande, meiner komikaren!

Den etterhvert så mye omtalte boka 'Gleden med skjeden» ble lansert onsdag.

TUNNEL-SIGRID: Statens vegvesen brukar namnet til komikaren Sigrid Bonde Tusvik i ein oversikt over tunnelar som skal asfalterast i sommar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

På ei liste over alle dei 290 kilometrane med veg som skal få nytt dekke er det mange tunnelar. På riksveg 55 mellom Balestrand og Høyanger dukka det opp ein tunnel som fekk denne journalisten til å stusse: «Sigrid Bonde Tussvik tunnelen».

– Det er nesten det mest rørande eg har høyrt nokon gong. Som sogneforkjempar vil eg seie at det er noko av det vakraste nokon har gjort for meg, seier Bonde Tusvik.

Men har stand up-komikaren verkeleg fått ein tunnel kalla opp etter seg?

– Nei, det er nok ikkje slik at vi har døypt om tunnelen på rett, seier prosjektleiar Arne Magnar Hauglund i Statens vegvesen.

– Intern gimmick

For det rette namnet på tunnelen er Tussviktunnelen. Han er ikkje mellom dei lengste og mest kjende i tunnelfylket, han er 520 meter lang, og der skal det altså asfalterast i sommar.

– Det at vi har brukt namnet «Sigrid Bonde Tussvik tunnelen» er ein intern gimmick, og det var nok ikkje meininga at namnet skulle ut i det offentlege. Det ligg ei lita historie bak, seier Hauglund.

– Ja, kan du fortelje den historia?

– Nei, den får du ikkje, den trur eg at vi held internt, ler Hauglund.

"Sigrid Bonde Tussvik tunnelen"

ER PÅ ASFALTLISTA: Tunnelen som her har fått namnet «Sigrid Bonde Tussvik tunnelen» heiter eigentleg Tussviktunnelen.

Foto: Skjermbilete

– Rørande og vakkert

Sigrid Bonde Tusvik seier at det er svært ærefullt å få namnet sitt knytt til ein tunnel i Sogn.

– Å få namnet mitt på ein tunnel i Sogn og Fjordane gir mykje meir kred enn nokon annan stad i landet, sjølv om det her er snakk om Tussvik med to s-ar.

– Open om feil hol

Far hennar, Sverre Tusvik, er oppvaksen i Høyanger. Men familienamnet kjem ikkje frå Tussviki mellom Sæle og Nessane, og som er opphavet til namnet Tussviktunnelen.

– Vi har familienamnet vårt frå Sykkylven på Sunnmøre, og vi skriv det med ein s.

Har du gjort deg tankar om kva historie som ligg bak at namnet ditt vart knytt til denne tunnelen?

– Nei, eg lurer på kva det er. Dersom vi tenker veldig drygt, kan det hende det er på grunn av ein fødselsskade som eg har vore veldig open om. Det var i «feil hol», ofte kalla ein tunnel, så det kan tenkast at dei har tenkt så grovt.

Hemmeleg beundrar?

Men det kan vel og tenkast at du har ein hemmeleg beundrar mellom dei som administrerer asfaltlegginga i Sogn og Fjordane?

– Ja, tenk om det er ein som vil gifte seg med meg, og eg har valt feil. Eg har valt ein fyr frå Drammen. Men på den andre sida er folk frå Sogn litt mørke til sinns, eg har arva litt av det frå far min, så det hadde blitt veldig mørkt.

Tussviktunnelen