Hopp til innhold

Både vegvesenet og entreprenøren godtek bot

Statens vegvesen og KA Aurstad godtek bøter på 300.000 og 600.000 kroner for dødsulukka med ein dumpar på Dalsfjordsambandet i 2013. – Vi ser vi kunne gjort ting annleis, seier regionvegsjefen.

Dumper brasa utfor ved Eikenes

GODTEK BØTENE: Både Statens vegvesen og KA Aurstad har no godteke bøter etter ulukka på Dalsfjordsambandet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi vil i først uttrykke støtte og tanke til pårørande. Det var ei tragisk ulukke, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Ulukka skjedde 21. januar 2013. Ein 25 år gamal dumparførar frå underentreprenøren KA Aurstad omkom etter at dumparen han køyrde hamna i fjorden.

Alt arbeid vart stogga på sambandet, etter at eit tilsyn avslørte alvorlege manglar ved tryggleiken på arbeidsstaden.

Bad om meir etterforsking

Etter ei langvarig politietterforsking, gav staten bøter til entreprenøren og vegvesenet i august 2014: 1 million til entreprenøren og 500.000 til vegvesenet.

– Vi bad politiet etterforske det eine punktet, og dei har no teke det vekk. Då sit att med eit punkt, og vi har vald å akseptere det og betale bota på 300.000 som står att. Vi ser at vi kunne gjort ting annleis når det gjeld risikokartlegging, seier Eidsnes.

– Så de vedgår at de kunne gjort ein betre jobb for å ein betre HMS-plan for å jobbe nær sjø, slik som i dette tilfellet?

– Ja, vi ser i ettertid at dette skulle vore meir omtalt i den sokalla HMS-planen vår.

– Det har teke 2,5 år å få avgjort denne saka – kvifor har det teke så lang tid?

– Den siste etterforskinga vart avslutta nyleg, vi fekk resultatet for ei veke sidan. No har vi vald å akseptere bota, seier Eidsnes.

KA Aurstad godtek også bota

KA Aurstad fekk opphavleg ei bot på 1 million kroner. Dei har godteke eit redusert forlik på 600.000 kroner.

– Vi valde å gjere det same som vegvesenet. Bota er redusert, og vi har godteke ho, sjølv om vi ikkje har godteke innhaldet i påtalen, seier styreformann, Kjell Arne Aurstad

– Kvifor godta bota om de ikkje einige i innhaldet?

– Det er med tanke på at det er tre år sidan. Med tanke på dei pårørande og alle involverte i saka, vel vi å få avslutta dette så fort som råd, seier han.