Hopp til innhold

Vegen inn til Myklebustdalen er open att etter flaumen

Bygda Mylebustdalen i Nordfjord var heilt isolert etter at vegen inn vart råka av flaum. 70 menneske var isolerte frå omverda, men no er vegen open att.

Vegen er open i Myklebustdalen

OPEN: Det er no fri ferdsle inn til Myklebustdalen.

Foto: NRK-tipsar

– det synte seg at det ikkje hadde kome skade på vegbana, så arbeidet med å få opna vegen gjekk fortare enn venta, seier Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Då vegen var stengd hadde ikkje innbyggjarane i bygda Myklebustdalen noko veg inn eller ut, for fylkesveg 693 er den einaste innfartsåra. Det bur litt over 70 menneske i bygda.

Klokka 11:50 fekk Vegvesenet melding om at vegen kunne opnast.

Flaum i Myklebustdalen

MYKJE VATN: Det har kome mykje vatn på vegen inn til Myklebust i Gloppen.

Foto: NRK-tipsar

Kan kome over med traktor

Fungerande ordførar i Gloppen Magni Aa Berge seier at elva har roa seg sopass laurdag føremiddag at det var mogleg å køyre over brua med traktor rundt klokka 11.

– Og det er takka vere dei lokale bøndene som har gjort ein kjempeinnsats i løpet av fredag kveld. Dei har brukt gravemaskiner for å prøve å få kontroll på elva, og slik har dei redda mykje dyrka mark frå å bli øydelagd. All heider til dei, seier Berge.

Per Jarle Myklebust er gardbrukar heilt inst i Myklebustdalen, han fortel at vatnet har roa seg veldig i forhold til korleis det såg ut i går kveld. Det skal ha vore sterke krefter i spel i går kveld, og håpet no er at vatnet ikkje har øydelagd for mykje av vegbana.

– No er det opplett, og elvane har roa seg kraftig ned, så no ser vi eigentleg lyst på livet, seier Myklebust.

Han fortalte rundt klokka ni at elva framleis gjekk tvers over hovudvegen.

Flaum på vegen inn til Myklebustdalen

STERKE KREFTER: Det var mykje vatn i vegen fredag kveld. Dette er ved fylkesveg 693 inn til Myklebustdalen.

Foto: Per-Tomas Kjærvik

Avisa Firda skriv laurdag at det var nære på at brua ved Spirefossen vart teken av dei store vassmengdene fredag kveld. Ifølgje avisa skal bygdefolk ha samla saman fire gravemaskiner for å gjere sitt for å berge brua på fylkesvegen.

– Ved Spirefoss har elva greve over vegen i 20–30 meters breidde. Der som elva går, ligg det ein meter høgt med stein og grus og slikt. På det høgaste går elva halvannan meter over vegbanen, sa Per Svein Reed til avisa fredag kveld.