Vegane er vinnarane i Sogn og Fjordane

144 millionar til E39 mellom Bjørset og Skei og 88 millionar til fullføring av E39 på strekninga Dregebø til Sande i Sunnfjord. Dette er blant tiltaka som får pengar gjennom forslaget til statsbudsjett.

Bjørset - Skei

E39-SATSING: Strekninga mellom Bjørset og Skei ligg inne med 144 millionar i forslaget til Statsbudsjett.

Foto: Statens vegvesen

Samferdsle:

  • 144 millionar til Bjørset-Skei på E39. Anleggstart i mars 2017 og venta opna for trafikk i 2019. Dette kjem i tillegg til 100 millionar kroner som tidlegare er løyvd
  • 88 millionar til fullføring av E39-utbygginga mellom Dregebø i Ytredalen til nord for Sande sentrum. Ekstra tiltak med dimensjonering for 200-årsflaum i Gaularvassdraget og ekstra sikring ved den nye tunnelen
  • 239 millionar til det store vegprosjektet over Filefjell. Pengane skal gå til strekninga Varpe bru til Smedalsosen
  • 130 millionar til fullføring av den nye Loftesnesbrui i Sogndal
  • 130 millionar til fornying av Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen på E16 i Aurland
  • 22 millionar til sikringstiltak mellom Nor bru og Hjelle på riksveg 15
  • 60 millionar til rassikring mellom Vik og Vangsnes på riksveg 13
  • I tillegg får ei rekkje mindre prosjekt midlar til mellom anna trafikktryggleik, rasteplassar og utbetringar

Omstilling og utvikling:

  • 58 millionar kroner til Sogn og Fjordane fylkeskommune til regional utvikling
  • I dette er ei eiga tildeling på seks millionar kroner til regionar og lokalsamfunn med store omstillingsutfordringar

Helse:

  • 18 millionar kroner i 2017 og ei låneramme på 1,1 milliardar kroner til modernisering og oppgradering av sjukehuset i Helse Førde
  • Dette inkluderer blant anna nybygg for psykiatrien

Høgskulen:

  • 3,2 millionar kroner til nye rekrutteringsstillingar for den nye høgskulen på Vestlandet, som er ei samanslåing av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stod-Haugesund

Sjøfart:

  • Regjeringa vidarefører tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk. I 2015 var om lag 490 sjøfolk i Sogn og Fjordane omfatta av ordninga

Flomsikring:

  • Regjeringa vil løyve 310 millionar kroner til sikring mot flom- og skred. Mellom anna vil skredsikring av Stadheimselvi i Vik kommune

Stad skipstunnel:

  • Det er ikkje løyvd midlar til Stad skipstunnel i forslaget til Statsbudsjett. I budsjettforslaget står det at arbeidet med reguleringsplan og planarbeid held fram. Ein endeleg rapport vil liggje føre i 2017

Kuttar i talet på skattekontor:

  • Regjeringa vil kutte kraftig i talet på skattekontor. For Sogn og Fjordane gjeld det skattekontora i Florø, Sogndal, Årdal, Fjaler og Måløy. Det vil då vere att skattekontor i Førde, Nordfjordeid og Leikanger

Skule og utdanning:

  • Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler får om lag ein million kroner meir i budsjettforslaget