Kring 150 personar bur langs denne vel to kilometer lange vegstrekninga.
Det var eit trist syn som møtte Karl Sæther og dei andre i Øvre Standal i Flora etter kvart som deler av den kommunale vegen vart vaska bort laurdag kveld og natt til søndag.
Svein Hammarseth gjekk søndag i gang med å utbetre skadane for å gjere vegen køyrbar att. Han seier at det er fleire korte strekningar på til saman 50 til 70 meter veg som vart borte med vatnet.