Hopp til innhold

Skada heile våren – Under EM spring han halvmaraton

Om to og ei halv veke spring Marius Vedvik sin første halvmaraton i eit europameisterskap. Men oppladinga har på ingen måte vore optimal.

Marius Vedvik

FØLER SEG BRA: Vedvik er optimist trass skadeproblem i vår.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg hadde 8 veker utan at eg kunne springe på grunn ein skade.

Det fortel den 24 år gamle førdianaren Marius Vedvik. 10. juli skal han springe 21 kilometer i Amsterdam, mot dei beste i Europa.

– Eg er strålande nøgd med å vere tilbake.

Men i februar såg det langt mørkare ut for langdistanseløparen. Etter eit løp i Bergen fekk kneet nok.

– Eg har vore lite skada i karrieren, men eg har slite med kneet i 10 månader. Det bygde seg opp, og under ei økt etter eit løp i Bergen i februar small det. Då kunne eg ikkje springe på to månader, seier Vedvik.

Skaden har gjort han sterkare

Under skadeperioden måtte 24-åringen tenke annleis. Og det kan slå positivt ut, hevdar han sjølv.

– Tidlegare har eg nedprioritert styrketrening, men no måtte eg fokusere meir på det. Sånn sett har eg blitt sterkare på grunn av skaden.

Marius Vedvik

ALDRI VORE STERKARE: Vedvik måtte trene styrke på grunn av kneskaden.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Men delar av treninga han måtte ty til skapte reaksjonar blant treningskameratane.

– Eg har sprunge ein del under vatn. Då lo dei eg trenar med litt, for det ser jo frykteleg dumt ut. Men eg tolte det, ler Vedvik.

Håpar på topp 20

Vedvik har aldri sprunge halvmaraton under eit europameisterskap. Langdistanseløparen, som normalt sett spring 5 eller 10 km, meiner han likevel veit kva som ventar han.

– Eg trur eg har gode sjansar. Det er høgt nivå i EM, eg har delteke sju gonger tidlegare, så eg veit kor lista ligg. Og den erfaringa tek eg med meg. I ein halvmaraton er det mange som opnar for tøft, og det er mogleg å ta igjen mange på slutten. Eg har vore i tet i EM tidlegare, men då ryk eg på slutten. 21 km er langt, eg spring jo vanlegvis anten 5 eller 10.

24-åringen har målsetjinga før meisterskapsdebuten på halvmaraton klar.

– Eg vart nummer 14 på 10 000 meter i EM for to år sidan. Klarar eg topp 20 på halvmaratonen skal eg vere godt nøgd. Eg vil alltid vinne, men ein må vere realistisk for å klare gjennomføre det ein er god for.