Hopp til innhold

Vedtok føde og akutt i partiprogram

Eit overveldande fleirtal på årsmøtet til Senterparti vedtok at programmet framfor fylkestingsvalet skal innheld ei formulering om velfungerande lokalsjukehus med akutt og fødetilbod.

Årsmøte i Sogn og Fjordane Senterparti

SAMLA PÅ SKEI: Sogn og Fjordane Senterparti har årsmøte på Skei i helga.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Dei krev også eit sterkt sentralsjukehus. Alle sjukehusa skal vere tilpassa framtida sine utfordringar, heiter det no i programmet.

Debatten var prega av ønskje om å finne mest mogeleg samlande formuleringar, og krav frå Nordfjord om fødeavdeling ved sjukehuset der, vart ofra for å få kunne samle partiet.

I ei samrøystes fråsegn frå fylkesårsmøtet krev mellom anna partiet at sentralsjukehusfunksjonane i fylket må styrkast og at lokalsjukehusa i Lærdal, Førde og Nordfjordeid må vidareutviklast med basis i dagens funksjonar.

I fråsegna som går til sentrale styresmakter, står det også at samla løyving tilhelsetenestene i fylket må aukast. Mellom anna må ulempene med store avstandar i fylket få større vekt i tildeling av pengar.