Vart skjelven over fylkeskulturpris

Kristin Sønnerheim (85) sa ho vart heilt skjelven over å vinne fylkeskulturprisen. Ho vart overrekt diplom og sjekk på 50.000 kroner under fylkestinget i Leikanger. Ho er også kjent som Mor Aurlandsdalen og får prisen for sitt kvilelause arbeid for å rydde stiar, og ruste opp garden Sinjarheim. Ho inviterte heile fylkestinget til å gå på tur i Aurlandsdalen til sommaren. Ho takka også NRK for mini-dokumentaren som vart laga om henne og dalen i 2014.

Kristin Sønnerheim får fylkeskulturprisen
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK