Den spreke 85-åringen fekk vite om prisen då ho var på jobb på Jernia, der ho jobbar nokre timar av og til.
– Eg blei meir eller mindre mållaus. Det var så mange kandidatar at eg ikkje trudde eg skulle få prisen, fortel ho.
Fylkeskulturprisen har blitt delt ut i 38 år og har som mål å fremje kulturlivet i Sogn og Fjordane. 15 kandidatar innan musikk, teater, sport og friluftsliv var nominerte i år.
Kristin Sønnerheim, som også blir kalla Mor Aurlandsdalen, fekk prisen for at ho i over 50 år har stelt og rydda stien gjennom dalen med handmakt.
– Innsatsen hennar har vore avgjerande for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg, sa Karen Marie Hjelmeseter som er leiar for hovudutval for næring og kultur då prisen blei offentleggjort.
Ein populær dal
Aurlandsdalen er eit 40 km langt dalføre med dramatisk natur. Ein ynda stad for mange vandrarar. Interessa for dalen kom då Sønnerheim gifte seg med ein mann frå Sinjarheim. Saman rydda dei stiar, la ut bruer og formidla historie.
– Eg har jobba med dalen i mange år. Eg har sett opp mange namneskilt, og det har gått i vedlikehald, veiting av vatn og oppmuring av veg som byrjar å sige. Vi har også rydda vekk tre, særleg ved utsiktspunkta.
– Kva er den største forskjellen på dalen slik den var første gong du var der, og no?
– Det er vegetasjonen. Tidlegare var det dyr som heldt vegetasjonen nede. No veks det opp tre mange stader.
Skryt av innsatsen
Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland er både stolt og glad over prisen sambygdingen har fått.
– Det er fantastisk og vel fortent. Ho har gjort ein eineståande innsats. Heilt med rette blir ho kalla Mor Aurlandsdalen.
Ordføraren seier Aurlandsdalen er eit av landets fremste vandreområde. Dalen betyr mykje og har lange tradisjonar.
– Korleis kan prisen inspirere andre?
– Frivillig innsats er utruleg viktig når vi skal ta vare på kulturminne. Ho har vore eineståande i så måte og fått med seg eit heilt korps av frivillige. Slik kan Aurlandsdalen vere ei perle i mange år framover.
Pengane går til dalen
Sønnerheim tykkjer det er stas at mange kallar ho Mor Aurlandsdalen.
– Det er flott og ein heiderstittel, ler ho.
Utdelinga av prisen, som er eit diplom og 50.000 kroner, skjer på fylkestinget 5. desember. Ho har ikkje heilt bestemt seg for korleis pengane skal brukast, men det blir i alle fall ikkje på seg sjølv.
– Eg har ikkje tenkt ferdig, men dei skal i alle fall gå til nyttige formål i dalen.
- Les også: