- Det var ein komplisert prosess å lære opp både personalet i barnehagen og meg som mor i teoriar og arbeidsmåtane som blir brukte på barn med Downs syndrom, og det ville ha gjort det lettare for alle å lære om vi hadde fått filma, seier Elisabeth Berg.
Krev eigen konsesjon
Håkon, den seks år gamle sonen til Elisabeth Berg, har Downs syndrom, og skulle etter planen videofilmast i barnehagen. Men slik filming krev eigen konsesjon, og søknaden om å gjere opptak vart avslegen. No har guten teke til på skule, og opptak frå barnehagen ville ha vore eit godt hjelpemiddel for lærarane.
- Frustrerande
- Det er veldig frustrerande, for det hadde vore eit utruleg nyttig hjelpemiddel både i forhold til å kunne studere treningssituasjonar i etterkant, sjå korleis vi kunne gjere ting annleis, det ville vore nyttig for å kommunisere betre mellom heimen og barnehagen, og det ville vore nyttig for å dele kunnskap mellom barnehage og skule, seier Elisabeth Berg.
PPT får filme
PPT-kontoret i Eid har fått konsesjon til å filme, og då kan dei sende ein person til barnehagen for å gjere opptak, men barnehagen har ikkje sjølv høve til å filme. Og opptaka som PPT gjer, må oppbevarast på PPT og kan ikkje brukast så fritt som vi ynskjer, seier mora. Og med naudsynt samtykke frå foreldra til borna som vart filma ville slike eigne opptak få stor verdi, seier styraren i Gjerdane Barnehage, Øyvind Dypveit.