Hopp til innhold

Vart fråstolen køyreutstyr

Innbrotstjuvar stakk av med køyreutstyr for over 20.000 kroner frå bubilen til formelbil-køyrar Håvard Hallerud frå Førde. Bilen stod parkert ved eit hotell i Gøteborg då innbrotet skjedde, medan Hallerud var i Sverige på testkøyring med den nye formelbilen sin. – Eigentleg har tjuvane gjort ein elendig jobb. Dei tok med seg køyreutstyr som dress, hjelm, brannsikkert ullundertøy og ei nakkestøtte som berre passar i formelbilen. Det er ting som berre formelkøyrarar har brukt for og dei lét kamera, høgtalarar og ein GPS ligga att. Alt er dekka av forsikringa og dei får ikkje seld det, så dei har berre kasta vekk tida si. Og laga litt ekstraarbeid for oss, seier ein humrande Hallerud til NRK. Ved hjelp av laget sitt Team Greenpower og Norges Bilsportforbund blir alt som vart stole erstatta før testkøyring tysdag etter påske.

Håvard Hallerud
Foto: Team Greenpower