NRK Meny
Normal

Vart beste norske - leiar framleis verdscupen

Anders Fannemel vart beste nordmann på ein 8. plass i hopp stor bakke i Engelberg i Sveits i ettermiddag.

Anders Fannemel

IKKJE HEILT NØGD: Anders Fannemel fekk ikkje fullklaff i dagens hopprenn i Engelberg.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Honndølen hoppa 135,5 meter i første omgang, men var uheldig med nedslaget, og hamna dermed noko ned på resultatlista.

Med 130 meter i andre omgang, heldt det ikkje til pallplassering denne gongen. Roman Koudelka frå Tsjekkia vann rennet, med sveitsiske Simon Amman på andreplass og Michael Hayboek frå Austerrike på tredjeplass.

Toppar framleis verdscupen

Anders Bardal var neste nordmann på lista på ein 13. plass, medan Johann Forfang tok 19.-plassen og Rune Velta og Philip Sjøen hamna på 21. og 26. plass.

Fannemel leiar framleis verdscupen med 440 poeng. Tyske Severin Freund er på andreplass med 397 poeng.

Tror likevel han har mer å gå på. Reporter: Vibeke Undhjem. Foto: Harald Chr. Eiken. Redigering: Monica Ruiz Biern.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå