Hopp til innhold

Varslar fastlenking og aksjonar

Natur og Ungdom vil gjere alt dei kan for å presse regjeringa til eit forbod mot gruveutslepp.

Engebø med utskipingskaia

MOTSTAND: Unge miljøvernarar vil lenke seg fast dersom regjeringa godtek sjødeponi her ved Engebøfjellet i Vevring.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi kjem til å kjempe for denne saken til siste slutt, seier nestleiar Mari Winsents.

Lenker og aksjonar

Miljøvernorganisasjonen krev også ein plan for korleis norsk mineralutvinning kan drivast på ein bærkraftig måte.

Selskapet Nordic Mining ønskjer å plassere overskotsmasse frå gruvedrift i Førdefjorden i samband med utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet.

Planane vil truleg gje opp mot 170 nye arbeidsplassar.

– Det er ei svært dårleg løysing, meiner Winsents.

Natur og Ungdom har vedteke at dersom regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden, så kjem dei til å gå til sivil ulydnad.

Mari Winsents, nestleiar i Natur og Ungdom

Nestleiar: Mari Winsents

Organisasjonen har over 7000 medlemmar.

– Kva legg dokke i sivil ulydnad?

– Det vil bety både aksjonar og fastlenking, slår Winsents fast.

Ber om at Noreg vert ei føregangsland

Organisasjonen vil at regjeringa skal krevje at gruveindustrien vert pålagde å bruke avfallet frå gruvedrift i andre produkt, i staden for å dumpe det i sjø eller fjordar.

– Noreg må vere eit føregangsland internasjonalt, seier nestleiaren.

– Fryktar de ikkje for at eit slikt forbod kan bety kroken på døra for viktiga arbeidsplassar?

– Nei, det trur ikkje eg. Vi ser at dei aller fleste andre land i verda som driv med gruveindustri ikkje brukar sjødeponi.

Fryktar konsekvensane

– Vi er villege til å gå langt, varslar Winsents.

Ho fryktar at fleire planlagded gruveprosjekt kan få store konsekvensar.

Winsents vedgår at deponi på land, som er alternativet til sjødeponi, ikkje nødvendigvis er ei betre løysing

– Vi ser at veldig mange land i verda brukar den beste teknologien, og det er det som kallast avfallsminimering. Der brukar ein større delar av gruveavfallet, til dømes i betongproduksjon eller som ein stabilisator i dike.

– Det er det eit stort behov for internasjonalt, seier Winsents.