Hopp til innhold

Varme frå kontinentet gir varmerekordar

Det er skyhøge temperaturar i Sogn og Fjordane i dag. Svelgen er ein av mange stadar som har hatt varmerekord for november.

Sommartemperatur i Svelgen

SOMMARTEMPERATUR I NOVEMBER: Laurdag morgon var det 18 varmegrader i Svelgen klokka 07.30 - og det når kalendaren viser 1.november.

Foto: Keir Ørnehaug

Ved dei nyaste oppretta målestasjonane i Sogn og Fjordane er det sett varmerekordar i dag. Men høgast var likevel temperaturen i landet i Ålesund der det vart det målt 20 grader i dag. Men rekorden i Tafjord er på 21,3 for november.

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier vi nyt godt av varmluft frå kontinentet.

– Vestlandet har vore i ein varmluftssektor før kaldluftsfronten med regn kom innover Sogn og Fjordane i ettermiddag. På kontinentet er det veldig varmt og dette har tatt turen over fylket.

Svelgen med høgaste temperatur

Høgaste målte temperatur var i Svelgen klokka 09 i dag. Då vart det målt 18,4 grader og det er høgste målinga ved den relativt nye målestasjonen.

Ved den eldste målestasjonen i fylket, Takle, var det nær varmerekord med 15,8 grader. Men rekord er på 16,0 for november.

– Nær, men ikkje nær nok, seier Fagerlid som poengterer at målinga ved stasjonen peikar heilt tilbake til 1958.

Det er helst i ytre strok som har hatt høge temperaturar. Indre sogn har vore ganske beskjedent.

Det vart også sett varmerekord for november ved Fureneset målestasjon som har vore gjort registreringar sidan 1987 – det var det 16,5 grader i dag.

Stryn har også hatt varmerekord med 17,4 grader som altså er høgaste målte temperatur sidan 2002.

Sandane lufthamn hadde 15,8 og det er den høgast målte temperaturen sidan 2004.

Varmt i Førde, men ikkje varmt nok

Ved Førde lufthamn Bringeland var det registrert 13,9 grader, men ikkje rekord.

Mildt i oktober

MILD HAUSTDAG: I Førde og Jølster viser gradestokken 1. november 17,5 grader.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

På Tefre målestasjon vert ikkje temperaturen lesen av før klokka 18 i laurdag kveld.

I Florø var det 15,7 i dag. Rekorden er 16 grader.

Ytterøyane har hat 14,7 grader i dag – 16,7 er rekord.

Kråkenes Fyr hadde 17,4 grader i dag.

Varmfronten vil passere over fylket i løpet av helga og halde temperaturane høge. Men det blir likevel ikkje like varmt som det har vore i dag.

– Temperaturane er på veg ned att. Men det vêret minner ikkje mykje om november, seier Fagerlid.

Det blir mildt og regn, frontar som passerer med regn i løpet av dagen. skyer og regn av og til