NRK Meny
Normal

Klokka 06.00: 18,7 grader!

På Hjelmeland i Ryfylke vakna folk i dag opp til utrulege 18,7 grader. Ei varmebølgje herjar nå over heile vestlandet.

Hjelmeland

HJELMELAND: Her i Hjelmeland i Ryfylke blei det sett temperaturrekord i dag tidleg. Klokka seks om morgonen blei det målt 18,7 grader, Bilete blei teke litt seinare då gradestokken hadde gått ned til 17,7.

Foto: Trine L. Danielsen

Trine Danielsen

Trine L. Danielsen (H) er ordførar i Hjelmeland.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Dette er veldig uvanleg, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Over heile Vestlandet er det nemleg målt svært høge temperaturar laurdag morgon. 18,7 grader i Hjelmeland er det varmaste som nokon sinne er målt ein novemberdag i Rogaland.

Fryktar klimaendringar

Dette får likevel ikkje Hjelmeland-ordførar Trine L. Danielsen (H) til å jubla. På gradestokken hennar stod det 17,7 grader klokka 11.

Bråsteinsvatnet i Sandnes

Dette bilete tok Ingunn Sviland Brudeli av Bråsteinsvatnet i Sandnes dag tidleg. Her var det 15 grader. – Heilt utruleg at det var så varmt, seier ho.

Foto: Ingunn Sviland Brudeli

– Eg fryktar jo at dette er eit teikn i tida. At det kan vera CO2-en som har byrja å ta oss, seier ho.

Med skrekk og gru følg ho med på alt som nå skjer lenger nord på Vestlandet.

– Som ordførar er eg sjølvsagt oppteken av alt det som har med flaum og beredskap å gjera. Me har heldigvis vore skåna for det verste her i Hjelmeland fram til nå, men eg er redd at me må førebu oss på tøffare tider, seier ho.

Varmen flyttar seg nord

Statsmeteorologen kan fortelja at den uvanlege varmen i dag kjem frå lenger sør i Europa der det er svært varmt. Varmen flyttar seg gradvis nordover på Vestlandet, og nokre timar etter varmerekorden i Rogaland blei det målt 19,1 grader i Volda.

– Eg trur nok det blir endå varmare når varmen flyttar seg oppover Møre og Romsdal, seier Fagerlid.

Han minner om at den norske novemberrekorden er frå 2003, då blei det målt 21,8 grader i Tafjord i Møre og Romsdal.