Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker etter knivstikking i Sogn

Ein mann er sikta for grov kroppsskade etter ein person vart stukken med kniv i helga. Han er varetektsfengsla i fire veker, men nektar å la seg avhøyre.

Sogn og Fjordane tingrett

RETTEN: Det var under eit fengslingsmøte i Sogn og Fjordane Tingrett måndag ettermiddag at mannen vart varetektsfengsla i fire veker.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen vart pågripen laurdag kveld på ei adresse i Indre Sogn. Den skadde personen fekk behandling av lege, og skal vere lettare skadd. Sogn Avis skreiv først at mannen hadde blitt varetektsfengsla i fire veker.

Regionlensmann i Sogn, Inger Lill Lanes, seier til Firda at den sikta ikkje har ville latt seg avhøyre av politiet.

– Ein er ikkje pliktig å forklare seg når ein er sikta i ei sak. Men det kan hende gjerningsmannen endrar seg på eit seinare tidspunkt, seier ho til avisa.

Til NRK seier Lanes at mannen no sitt fengsla i Bergen, då dei ikkje kunne senda han til Vik fengsel grunna utagerande åtferd.

– Han utagerte såpass at vi måtte senda han til Bergen. Det er ikkje ofte vi må gjere det, seier ho til NRK.

Ingen kommentar

Mannen sin forsvarar, Erik Slotterøy, skriv i ein SMS til NRK at hans klient erklærte seg ikkje skuldig etter siktinga, men at han trass i dette gav uttrykk for at han kunne akseptera fengsling i denne omgang. Han vil ikkje seie meir om bakgrunnen for det i denne omgang.

– Han har per no ikkje forklart seg til politiet, men gav ei kort forklaring under rettsmøtet. Det er mogeleg at han følger opp med ei forklaring til politiet når tida er inne for det, svarar Slotterøy på spørsmål om kvifor hans klient har nekta å la seg avhøyre av politiet.

Regionlensmannen vil ikkje kommentere om dei involverte er kjende for politiet frå før.

Frykt for at mannen kan øydeleggje bevis er ei av årsakene til at politiet ville fengsle mannen.

Politiadvokat Merete Sundal opplyste tidlegare i dag at politiet vil be om fire veker, utan restriksjonar.

– Bakgrunnen er alvoret i saka. Når ein truar eller stikk nokon med kniv, så er det så pass alvorleg at vi ynskjer å varetektsfengsle for å kunne jobbe og etterforske saka i fred, sa Lanes tidlegare i dag.

Grov kroppsskade har ei strafferamme på fengsel i inntil ti år. Når retten tek stilling til om nokon har gjort seg skuldig i grov kroppsskade, så er knivbruk og skadane på fornærma to av kriteria.