Hopp til innhold

Var ikkje klar over pengebruken

Verken rådmann eller ordførar i Vågsøy var klar over kor omfattande pengebruken var under Tall Ships Races i Måløy.

Formannskapet i Vågsøy får lagt fram rapporten etter Tall Ships Races.

- Vi visste ikkje, vi rekna feil, det dukka opp uforutsette utgifter og vi skulle organisert oss annleis, vedgjekk kommunetoppane i Vågsøy då dei la fram rapporten etter Tall Ships Races.

Foto: MMS- Asgeir Reksnes / NRK

Det var mellom det som kom fram då økonomirapporten vart presentert måndag.

Var ikkje klar over

Seglskutefesten skulle koste kommunen maks ein million kroner, men vart ein økonomisk skandale som etterkvart sende Vågsøy rett inn i Robek-registeret. Underskotet var opprinneleg på 13 millionar , men måndag auka det til 15 millionar kroner .

LES OGSÅ: Difor havarerte TSR Måløy

- Eg var klar over aktivitetsnivået, men ikkje alle kostnadane som var knytt til det, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun og vedgår at budsjettet ikkje var tilstrekkeleg oppdatert før arrangementet.

Video nsps_upload_2008_11_28_18_53_33_2254.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Katastrofe

Då rapporten vart lag fram måndag, kom det saman med ei rekkje erkjenningar: "Vi visste ikkje, vi rekna feil, det dukka opp uforutsette utgifter og vi skulle organisert oss annleis". Det kom frå same kommunetoppane som i tida før "Sjøens-OL" hevda at dei hadde full kontroll på økonomien. Leiar i Vågsøy Raudt, Geir Oldeide, er rysta over økonomistyringa.

- Det er katastrofe. Det er ikkje anna å seie, sukkar han.

Ikkje største overraskinga

Årsaka til at underskotet igjen har vakse, er feilføring i kommunerekneskapen. Tilsette i Vågsøy kommune har jobba med Tall Ships Races i staden for deira vanlege oppgåver. No er også denne biten med i underskotet. Likevel, det var ikkje underskotet som overraska Oldeide mest.

Alle har trudd at det var ordføraren som var leiar for hovudkomiteen, eller styringsorganet, for arrangementet.

Video nsps_upload_2008_12_1_19_47_44_2417.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Kontrollerte seg sjølv

På spørsmål frå Oldeide viste det seg at prosjektleiar Helge Hjelle også sat med dette vervet.

- Alle har gått ut ifrå at det var ordførar som var leiar for hovudkomiteen. Det er litt rart at ein skal vere både prosjektleiar, og den som skal passe på at prosjektleiaren gjer dei rette tinga, seier Raudt-politikaren.

Hjelle vil ikkje kommentere Tall Ships Races, men rådmann Raknes Forthun vedgår at seglskutefesten burde vore organisert annleis.