Hopp til innhold

Tall Ships med 13 mill i minus

Tall Ships Races i Måløy gjekk med 13 millionar kroner i underskot.

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dermed tapte Vågsøy kommune 13 millionar på å vere ei av hovudhamnene i den store seglskuteregattaen.

Frå før er det klart at Vågsøy kommune må spare 15 millionar kroner, og det store underskotet til Tall Ships Races kjem på toppen av det.

Minus 1,8 mill på Status Quo

Den førebelse rekneskapen til tall Ships Races syner at konserten med popgruppa Status Quo gjekk med 1,8 millionar kroner i underskot. Det var rekna med 4000 på konserten, det kom 1500.

- Voldsomt resultat

Vidare gjekk serveringsttelta og skipspartyet ppå Seljeøya med 4,1 millionar i minus, logistikken med tre millionar i minus, og artistar, lyd og scene med 1,5 millionar i minus. Ein eigen CD som vart laga kosta meir enn han smakte, minus ein halv million kroner, og på parkering fekk dei inn 400.000 kroner mindre enn rekna med.

- For oss er det eit voldsomt resultat, og det får sjølvsagt konsekvensar, seier rådmann Ørjan Forthun Raknes.

Vågsøy formannskap
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Etter mange utsettingar vart formannskapet i Vågsøy orientert om saka fredag.

- Publikumssvikt

- Det alle lurer på er kvifor det gjekk slik?

- Det er tre hovudavvik, det er publikumstilstrøyminga der vi hadde for store forventningar, i tillegg til serveringa og transportopplegget og den store konserten.

- Har de rett og slett gapt for høgt?

- Det er eit naturleg spørsmål å stille. Vi har samanlikna oss med andre byar som har vore gjestehamner, og forventningane våre om 15.000 besøkande kvar dag var realistisk ut frå det.

Kan hamne i ROBEK

- Kva økonomiske fylgjer får dette for kommunen?

- Vi vil ha eit udekka underskot ved utgangen av året på åtte millionar, og dette har vi i utgangspunktet to år på å dekke. Greier vi ikkje det, hamnar vi i ROBEK-registeret.

Video nsps_upload_2008_11_28_18_53_33_2254.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Reporter: Kjellrun Lavik

Reporter: Kjellrun Lavik