Hopp til innhold

Pakka ned Tall Ships - to år etter

To år etter at Tall Ships Races gjesta Måløy, vart skilta som ønskjer velkommen til skutefesten endeleg fjerna måndag.

Tall Ships Races-skilt

GATE 1: Ein kommunetilsett skrur ned restane etter Tall Ships Races.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Tall Ships Races-skilt

FORVIRRANDE: Mange turistar har vist til infoskilta og spurt om når skutefesten skal vere. Svaret dei har fått: Den var for to år sidan...

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Skilta i Gate 1 i Måløy og ved Degnepoll vart omsider skrudde ned måndag.

Skutefest med bakrus

Tall Ships Races vart ein fest med ein svært kostbar bakrus for Vågsøy kommune. Då armadaen av seglskuter forlet Ulvesundet i august 2008, sat kommunen att med eit underskot på mange millionar.

Likevel, som ei konstant påminning om arrangementet som utarma kommuneøkonomien, har informasjonsskilta som ønskjer velkommen til festen blitt ståande langs hovudvegane.

– Ei konstant påminning

Sist fredag gjekk Raudt-politikar Geir Oldeide ut i Fjordenestidende og kravde skilta fjerna.

- Vi var veldig samde om å legge det bak oss, og ein måte er i alle fall ikkje å konstant minne oss på det, utdjupa han overfor NRK.

Tall Ships Races-seglet ved Måløysundet

SKAL BORT: Også Tall Ships-seglet ved Måløysundet blir fjerna.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Oldeide fekk også støtte frå fungerande rådmann Olav Horn som til liks med Raudt-politkaren kravde skilta fjerna. Dermed vart det fart i sakene, og måndag var skilta historie.

Seglet ryk tysdag

Det einaste som står att no, er Tall Ships Races-seglet ved Måløysundet.

Hos uteseksjonen i Vågsøy kommune får NRK opplyst at dette vil bli fjerna ved hjelp av kranbil i løpet av tysdagen.