Etter berre tre månader som lærling var det ein imponerande siger ho gjekk av med.
Norsk folkeeventyr som tema
Det var seks lærlingar som deltok i konkurransen, der dei på sju timar skulle lage ei treetasjars dessertkake, marsipanfigurar, petitfour og ein desserttallerken. Temaet var "Norske Folkeeventyr", og for å reflektere det laga Akse prinsessa, kongen og Askeladden i marsipan.
Dyktige lærlingar
Akse var den med minst erfaring av deltakarane, og ho synest det var ekstra kjekt å danke ut Anita Skarperud frå Hotell Continental. På Naustdal Dampbakeri er Akse ein av fleire dyktige lærlingar som bakeriet har fostra opp igjennom tidene. Tidlegare kan bakeriet skryte av mellom anna to sigrar i NM i Ung Konditor.