NRK Meny
Normal

Vann kamp om sykkelveg

Det blir bygd sykkelvegar for 16 millionar i Førde og Eid.

Brua over Farsund på E39 i Førde
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Regjeringa løyver 16 millionar til bygginga av sykkelvegar i Sogn og Fjordane.


Gangveg over Sunde bru

Det er sett av ti millionar kroner til gang- og sykkelveg over Sunde bru på E39 i Førde. Innbyggjarane har kjempa lenge for gangvegen, og vore fortvila over at den tidlegar har vorte utsett . Dei har òg truga med aksjon .

- Ein god start

I tillegg vert det løyvd seks millionar til Haugen-Eid.

- Det betyr at ein 30 år lang kamp er slutt, seier leiar Sigurd Reksnes i Eid Senterparti.

Med seks millionar reknar Reksnes med at dei kan gå i gang med bygginga av den første parsellen.

- Det er ein god start. og vi håpar sjølvesagt det vert sett av pengar i Nasjonal Trasportplan slik at arbeidet kan halde fram, seier Reksnes.

Innbyggjarane på Haugen har tidlegare vore skuffa over at rassikring har blitt prioritert før bygging av gangveg .

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser