NRK Meny
Normal

Valsvik: – Ein draum som går i oppfylling

Sist søndag spelte Gustav Valsvik (23) kamp for Strømsgodset. Ei veke seinare er han på plass i sin nye klubb i Tyskland – og har allereie spelt sin første kamp.

Gustav Valsvik

DRAUM: – Eg er spent og glad, og håpar at kan fortsette å utvikle meg framover og ta stega oppover her i Tyskland, seier Gustav Valsvik som no er på plass i nyeklubbene. (Biletet er teke etter ein eliteseriekamp for Strømsgodset tidlegare i år).

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Det har gått fort i svingane, vedgår fotballspelaren frå Vik.

Sidan fredag har han vore innlosjert på hotell i byen Braunschweig i Tyskland. Kvelden før kom beskjeden om at Strømsgodset og Eintracht Braunschweig var samde om ein overgang.

23-åringen flaug til Tyskland fredag morgon for medisinsk test og forhandlingar, laurdag var alt i orden og same ettermiddag debuterte han i treningskampen mot Hertha Berlin.

– Det var viktig å få nokre minutt med laget og bli litt betre kjemt med korleis dei spelar. Det er seriestart neste helg, så det var greitt å komme gjennom det sjølv om ikkje førebuingane var heilt optimale, seier Valsvik.

– Ein draum

Allereie som 16-åring vart Valsvik i 2009 teken ut på aldersbestemt landslag. Året etter signerte han for Sogndal der han imponerte mange fram til sommaren 2014. Sidan då har midtstopparen vore meir eller mindre fast inventar i startellevaren til Strømsgodset.

Før helga kom nyheita om at han er klar for tysk proffspel i 2. bundesliga.

– Det er spennande. Det å kome seg til utlandet og prøve profflivet er på ein måte ein draum som går i oppfylling, seier han til NRK.no.

– Eg er spent og glad, og håpar at kan fortsette å utvikle meg framover og ta stega oppover her i Tyskland.

Øver seg på tysken

Gustav Valsvik i sin første treningskamp for Eintracht Braunschweig

TYSK PROFFSPEL: Laurdag fekk Gustav Valsvik kjenne på nivået i tysk 2. bundesliga. Her er han på veg av bana etter at han blei bytta ut i andre omgang.

Foto: Privat

I laurdagens treningskamp fekk han kjenne på nivået.

– 2. bundesliga er ein fysisk liga. Eg skal ta tak på dødballar og bidra offensivt med pasningsfoten min. Eg føler eg greidde meg fint.

På laget er det mange tyskarar, i tillegg til polakkar og austerrikarar, samt ein portugisar og ein svenske, fortel vikjen. Mykje av praten går naturleg nok på tysk.

– Eg har hatt litt tysk på skulen, men eg kan ikkje skryte på meg at eg snakkar tysk. Men eg forstår eit par ord og det har allereie kome seg, så det skal gå greitt.

Han legg til at både klubbkameratane og trenaren snakkar godt engelsk, og trur ikkje språket skal bli noko hindring.

– Det blir ei utfordring

Med ei heller hastig avreise frå Norge har han berre fått pakka med seg litt klede og sko, og veit ikkje når neste tur heimom blir.

– Korleis ser du føre deg at dei neste månadane blir?

– Det blir nok ei forandring for meg og nokre knepp opp. Her trenar dei hardt og nivået er høgare enn i eliteserien. Det blir ei utfordring, men den er eg klar til å ta. Elles hadde eg aldri reist. Det blir spennande og moro på same tid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.