Hopp til innhold

Valsvik skåra for landslaget

Gustav Valsvik frå Vik skåra Norge sitt einaste mål då G19-landslaget møtte Nederland fredag kveld.

Gustav Valsvik

SKÅRA: Gustav Valsvik stod for det einaste målet til Norge i dag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men trass i målet, enda det med tap i Tsjekkia. Nederland vann kampen 2–1. Nederland skåra begge måla før pause. Valsvik reduserte for Noreg i det 49. minutt. Han er glad han skåra, men skuffa over tapet.

– Målet kjennast bra. Men vi greidde ikkje skåre eit til, så då var det nesten til ingen nytte, seier han til NRK.no.

Tenkte på Eggen

Målet kom etter at ein lagkamerat skaut mot mål. Den nederlandske målmannen redda og skaut ballen ut. Valsvik vann ein duell og skåra på returen.

Dette er første landslagskamp Valsvik spelar etter at den tidlegare sjefen, Knut Torbjørn Eggen, døydde tidlegare i år. Dei to hadde god kontakt og Valsvik saknar han.

– Eg tenkte på han i starten av kampen, men så blei eg mest konsentrert om å spele. Eggen gav meg sjølvtillit og vi hadde ein god tone, fortel Valsvik som til vanleg spelar for Sogndal.

Debut for Skaasheim

Eirik Skaasheim

DEBUTANT: Eirik Skaasheim fekk prøve seg G19-landslaget.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Både han og Eirik Skaasheim, også han Sogndal-spelar, fekk vere på bana heile kampen. Skaasheim fekk sin debut på landslaget i dag.

– Det var ein fin oppleving sjølv om det blei tap. Det er god erfaring å ha med seg, seier han.

No sit dei på hotellrommet og prøver å komme over skuffelsen etter tapet.

– No skal vi førebu oss til dei neste kampane som er mot Frankrike og Tsjekkia. Vi har god tru på å slå dei og kanskje sikre oss ein EM-billett, seier Valsvik.