Hopp til innhold

Valsvik er i nye forhandlingar med Sogndal - men i dag laga han straffe mot RBK

Gustav Valsvik var tilbake i startoppstillinga mot Rosenborg, og utanfor bana er det nye forhandlingar mellom den unge vikjen og Sogndal. Men i søndagens kamp fekk han ei avgjerande rolle med negativt fortegn.

Gustav Valsvik

SAMTALAR MED KLUBBEN: Gustav Valsvik er i nye forhandlingar med Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det vart til slutt 0–3 i kveldssola på Fosshaugane Campus søndag.

– Var ikkje straffe

På stillinga 0–1 til Rosenborg vart Sogndal pressa bakpå. Det fyrste målet sette Borek Dockal inn på straffe, etter at Kenneth Udjus felte Tarik Elyounoussi i 16-meteren. Den straffa var det ingenting å seia på, men fem minutt seinare, etter 74 minutt, tok dommar Edvartsen ei langt meir kontroversiell avgjerd.

– Eg trudde fyrst at det var frispark til meg, seier Gustav Valsvik.

Valsvik prøvde å blokkera skotet til Marcus Henriksen, fekk ein fot mellom ballen og Rosenborg-spelaren, og Henriksen trefte Valsvik i leggen.

– Henriksen prøver å skyta, eg prøver å blokkera. Ingen av oss treff ballen, men han treff meg i leggen med full kraft, og so dett han over ende. Slik eg ser det er det ikkje straffe, seier han.

Rosenborg scorar på straffe

0-2: Borek Dockal har nett sett inn straffe nummer to. Gustav Valsvik heng med hovudet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nye forhandlingar

Førre måndag kom det fram at Valsvik og Sogndal ikkje hadde kome til einigheit om ein ny kontrakt for 19-åringen.

Sogndal var innstilte på å miste midtstopparen, men no kan det hende at han blir verande likevel.

– Me er i samtalar no, so eg ser lyst på framtida.

– Lyst på framtida i Sogndal?

– Forhåpentlegvis.

Vart slitne

Rosenborg takla den sjeldne sommarvarmen i Sogndal best, og utover i andre omgang var trønderane det klart beste laget. Dei spelte ut Sogndal som vart springande mykje men utan å få tak i ballen.

Bortelaget hadde nokre store sjansar, men makta ikkje å setja ballen i mål. Det var ikkje før Kenneth Udjus felte Tarik Elyounoussi på veg gjennom dei fekk hol på byllen. Straffa var klar, og Borek Dockal sette den sikkert i mål til venstre for Udjus som kasta seg den andre vegen.

Etter den fyrste scoringa var det eit langt meir tafatt sogndalslag på bana, og etter straffe nummer to, som Dockal sette i same hjørnet som den førre, sank Sogndal saman.

– Me misser energi når dei scorar. Me gjer ikkje noko feil, men me orkar ikkje spela so aggressivt gjennom heile kampen i denne varmen.

På overtid kom John Chibuike åleine gjennom med Kenneth Udjus og sette sikkert inn kveldens siste mål.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

GRUNN TIL Å VERA BEKYMRA: Trenarteamet til Sogndal. Frå venstre Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tetnar til i botnen

Olsson såg ikkje straffesituasjonane, men også han trur den andre straffen var feil dømt.

– Eg ser ingen av dei, men slik som eg forstår via andre som har sett tv-bileta, so var det absolutt ikkje straffe.

Ricardo Santos

SAMBAFOTBALL: Det har det enno ikkje blitt frå Ricardo Santos, men han viste i dag at er både sterk og rask.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det byrjar for alvor å tetta seg til i botnen av tabellen, og Sogndal treng alle dei poenga dei kan få. Både Sandnes Ulf og Fredrikstad tapte også sine kampar søndag, men det er framleis berre to poeng ned til Sandnes Ulf på kvalikplassen, som har ein kamp mindre spelt. Men sogndalstrenar Jonas Olsson er ikkje bekymra.

– Me held oss flytande, og skal gjera det me kan for å halda plassen. Klarer me det so har me gjort ein veldig god jobb.

– Frå byrjinga av har me vore eit lag som alle tippa rett ned, og at me berre skal få 17 poeng totalt var det nokon som tippa. No har med 19 og har mange moglegheiter til å ta fleire poeng, seier Olsson.

Det er to veker til neste kamp borte mot Sandnes Ulf. Det blir ein utruleg viktig kamp som Sogndal ikkje har råd til å tapa.