Hopp til innhold

Katastrofeval for Senterpartiet

Senterpartiet har dei fire siste skulevala gjort svært gode val i Sogn og Fjordane, men skulevalet 2011 vart ein solid nedtur: Ap og H er årets skulevalvinnarar.

Video Utspørjing av Jenny Følling

TAPAR: Jenny Følling i Senterpartiet er usikker på korleis ho skal tolke resultata av årets skuleval.

Foto: Nyhetsspiller

Tysdag kveld synte oppteljing av røystene frå dei vidaregåande skulane i fylket, ein nedgang på 7,8 prosentpoeng for Senterpartiet, dermed er dei det tredjestørste partiet i Sogn og Fjordane. Iallfall dersom dei unge får bestemme.

– Tradisjonelt har Senterpartiet stått sterkt i Sogn og Fjordane, og dei har ved dei siste vala vore det klart største partiet i Sogn og Fjordane. Denne gongen har dei ein sterk tilbakegang på 7,8 prosentpoeng, og er no 10 prosentpoeng bak Ap, seier administrerande direktør i Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS (NSD), Bjørn Henrichsen.

– Sp har tapt det Ap har vunne

Han karakteriserer tapet for Senterpartiet som stort.

– Deira tap er akkurat likt det Ap har vunne. Men altså, Høgre har den største framgangen. Dei har fått 18,1 prosentpoeng, noko som er opp 11,6 prosentpoeng sidan valet i 2009. Også Frp har eit relativt stort tap i Sogn og Fjordane, seier Henrichsen.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, tykkjer resultatet er bra.

– Resultatet er bra det, og det syner framgang. Men vi må hugse at dette er eit skuleval. Det ordinære valet har vi på måndag om ei veke, og det er det vi må jobbe fram imot, seier Støyva, og legg til at jobben blir å få veljarane til å møte opp og stemme på valdagen.

– Litt overraska er eg nok, men vi har sett trendar på nasjonale og regionale meiningsmålingar som har peikt i same retning. Men som sagt, dette er eit skuleval, seier Støyva.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Skuleval 2011

Parti

Stemmer

%

Endring

Mandat

A

725

27,3

+ 7,8

11

SV

172

6,5

- 3,5

3

Rødt

125

4,7

- 7,4

2

Sp

467

17,6

- 7,8

7

KrF

146

5,5

+ 0,5

2

V

228

8,6

+ 4,1

3

H

479

18,1

+ 11,6

7

Frp

195

7,4

- 6,6

3

MDG

15

0,6

0,0

0

KP

52

2,0

- 0,2

1

KS

9

0,3

-

0

SamfDem

39

1,5

-

0

Ekspander/minimer faktaboks

Tydeleg landstrend

Det er ikkje berre i Sogn og Fjordane at Arbeidarpartiet og Høgre gjer det godt i skulevalet. På landsbasis har dei to partia i år gjort sitt beste val nokosinne. Arbeidarpartiet har størst oppslutnad blant dei vidaregåande elevane, medan Høgre går mest fram samanlikna med skulevalet 2009. Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti går mest tilbake, og SV oppnår sitt dårlegaste resultat sidan skulevala tok til i 1989.

Når ein ser skuleval over eit visst antal år, så er det ein trend vekk frå fløypartia og meir inn mot sentrum. Det er i tråd med trenden over heile landet at Ap og H går sterkt fram.

Men det som er spesielt for Sogn og Fjordane i forhold til alle dei andre fylka, er at Senterpartiet har stått sterkt, og står framleis sterkt, men har mista mykje oppslutnad i løpet av ein seks-sju-åtte års periode.

Rosar Senterungdommen

– No gjekk vi inn i dette skulevalet med eit spesielt bakteppe, så det er ikkje uventa at Arbeidarpartiet vann. Eg hadde ønskt meg eit betre resultat for Senterpartiet sin del. Men så vil eg rose Senterungdommen fordi eg veit dei har stått på og gjort ein kjempejobb for skulevala, seier Følling.

Ho ser ikkje vekk ifrå at det at det ikkje har vore arrangert skuledebattar, kan ha hatt noko å seie for resultatet.

– Debatten har mangla

– Det er vanskeleg å analysere, for det har jo ikkje vore noko skuledebatt. Det har berre vore valtorg, elevane har kunne fått valmateriell, men ein har ikkje hatt debattar og fått fram forskjellar på partia. Det har vore litt spesielt, så det er kanskje litt vanskeleg å analysere resultata med dette som bakgrunn. Valtorg er for så vidt ein bra ting, men debattane har mangla. Og det er trass alt der vi får fram skilnadene, seier Følling.

Støyva trur ikkje mangelen på skuledebattar har hatt noko spesielt å seie for resultatet.

– Eg har vore med på valtorg ved eit par høve, og det har vorte gitt både god og ryddig informasjon. Kanskje vel så bra som det som blir gitt gjennom ein debatt. Eg trur ikkje desse trendane hadde vore annleis, seier Støyva.

Normalt god peikepinn

Henrichsen i NSD peikar på at skulevala ofte er ein indikator på korleis valet til slutt ender.

– Normalt sett er ofte skulevala ein svært god peikepinn. Normalt har dei som går fram på skuleval, også gått fram på det vanlege valet. Ofte er utslaga noko større på skulevala. Tidlegare har det vore ein indikator, om det blir det også i år, står att å sjå. Det vil vi vite neste måndag, seier Henrichsen.

– Vanskeleg å analysere

Følling er derimot usikker på kor sterkt ein skal vektleggje skulevalet som ein peikepinn på kommune- og fylkestingsvalet 12. september.

– Det er litt vanskeleg å analysere tala i år grunna den spesielle valkampen. Uansett er det valresultata som til slutt gjeld. Dersom folk i Sogn og Fjordane vil at Senterpartiet skal få fylkesordføraren, så må dei stemme Sp i valet, seier Følling.