Hopp til innhold

Vaktmeister måtte køyre ambulanse

Då alle beredskapsambulansane var ute på oppdrag, måtte vaktmeister i Aurland kommune trå til og køyre ein alvorleg sjuk pasient til Voss.

Ambulanse
Foto: , Bendiksby, Terje

Vaktmeister Steinar Grønsberg, som tidlegare har jobba i ambulanse, måtte ta akutt-oppdraget saman med ein ambulansesjåfør som eigentleg hadde fri, skriv Sogn Avis.

– Turen gjekk greitt, men eg meiner at dette illustrerer at det kan vere trong for to ambulansar med heildøgns beredskap i Aurland og Lærdal, meiner Grønsberg.

Meiner dei treng to

Onsdag då hendinga skjedde, var den døgnoperative ambulansen på oppdrag og den dagoperative ambulansen ute av drift. Til slutt var det reserve-ambulansen i Lærdal som vart sett inn.

Kommunelege 2 i Aurland Lars Moland seier til avisa at det er for lite med ein operativ ambulanse i Aurland og Lærdal.

– Det er for lite, og ein i staden for to vil oftare føre til konflikt.

– Slike situasjonar kan oppstå

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier at dei vurderte det som var den beste løysinga.

– Då vi fekk bemanna reserveambulansen, valde vi i samråd med legen denne løsyinga av omsyn til pasienten.

Han legg til at slike situasjonar kan oppstå når ordinær beredskap er oppteken og med avstandane som er i distrikta.