Verksemda fekk den høgste utmerkinga i bransjen; "det gyldne sagblad" på årsmøtet til Norske Trevarefabrikker Landsforbund i Molde i helga.
Utradisjonelle vegar
Vågsøy-bedifta vart kåra til den beste verksemda i bransjen i konkurranse med 450 andre. Grunngjevinga for prisen er god marknadsføring og evne til å gå utradisjonelle vegar.
Verksemda har vore i forkant i teknologisk utvikling, og i utvikling og opplæring av dei tilsette.
Vidare har vindaugeprodusenten utmerka seg med produktutvikling, og har gjort ein innsats på samarbeid og utvikling.