Hopp til innhold

Værbitt frå vindfull terrasse i Florø

I kveld sender NRK1 tv-serien Værbitt frå den vindfulle terrassen til Ivar Høyvik i Florø

Værbitt frå Florø

GLER SEG TIL SENDING FRÅ FLORØ: Eli Kari Gjengedal, John Smits og Ivar Høyvik.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Det er herleg, det er heilt fantastisk! Det er alltid kjekt å kome heim til Sogn og Fjordane! Seier ei entusiastisk Eli Kari Gjengedal.

I kveld sender tv-serien Værbitt direkte frå Florø, nærare bestemd frå terrassen til Ivar Høyvik.

I sist episode var Værbitt i Bardufoss. I slutten av episoden gjekk Eli Kari og statsmetrolog John Smits ut og oppmoda folk til å tipse om vindrike terrassar i Florøtraktene. Og responsen var enorm fortel prosjektleiar Kristin Ytre Arne.

– Folk har lyst til å ha besøk av oss!

Værbitt

GJENGEN ER KLAR FOR KVELDEN: Eli Kari Gjengedal og prosjektleiar Kristin Ytre Arne gler seg til den vindfulle sendinga.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Og ein som hadde lyst på besøk av Værbitt var Ivar Høyvik. Han kunne stille med ein vindrik terrasse og inviterte like godt heile fjernsynsteamet heim.

Men kva får Ivar ut av dette kan ein jo spørje seg sjølv? Jo, for då det vart bestemd at det var til Ivar Værbitt skulle kome fekk han endeleg det påskotet han trong til å rydde i garasjen.

Garasjen til Ivar Høyvik hadde nemleg vore ganske så rotete over ein lengre periode.

– Den har sikkert ikkje vore rydda på eit år, og bilen har stått ute det siste året seier Høyvik. Sendeteamet har jo mykje dyrt utstyr som må låsast inne under tak, og då var jo eg nesten nøydd til å ta eit skippertak.

Du fortel at du ikkje fekk bilen inn i garasjen, kva var det garasjen var full av?

– Eg er litt som han som samlar på alt, så det var eigentleg mest rot, fortel Høyvik.

Høyvik opnar døra til garasjen som han har rydda, men det er framleis eit rotete syn som møter ein. Men denne gongen er det ikkje Ivar som har rota sjølv.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Garasje

EIN STAPPFULL GARASJE: Ivar Høyvik har rydda, men no er garasjen atter ein gong fylt til randen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Eg har rydda, men dei har rota som du ser. Det er heilt smekkfullt med all slags ting og tang som dei skal bruka til sendinga i kveld. Alt som er på golvet, sett vekk ifrå frysaren, er deira.

Du vart ikkje lei deg då dei kom og rota etter at du hadde rydda?

– Nei, det kan du trygt seie. Eg vart letta! Eg slepp jo å få meir kjeft for at det er rotete, det er jo ikkje eg som har rota, seier Høyvik lattermildt.

Værbitt sender direkte frå terrassen til Ivar Høyvik i Florø i kveld kl. 20.15 på NRK.