Hopp til innhold
Kronikk

Ein vêrjegers betraktningar

Det er skilnad på finnmarkingar og sørlendingar. På austlendingar og meg sjølv, som er vestlending. I Noreg bestemmer vêret det meste – til og med kva som er sexy.

gjengedal smits

Kronikkforfattar Eli Kari Gjengedal har saman med John Smits reist land og strand rundt på jakt etter vêret. Søndag er det premiere på «Værbitt» på NRK.

Kvifor kjenner eg ei slik stor sorg kvar gong eg forlét Vestlandet i strålande solskinn? Og kvifor kjenner eg eit blaff av oppøst glede når regnet auser ned i vest og eg ringer heim frå solrike Syden eller tørre Austlandet?

Jau, fordi eg er ein ekte vestlending. Og som vestlending er eg livredd for å gå glipp av dei fine dagane heime. Når eg døsar på ei solseng langt heimefra finn eg rett og slett ikkje roa før eg veit kva slag vêr dei har der heime. Og ja, eg innrømmer det glatt. Eg kroar meg i vellyst og sololje, medan eg høyrer at det regner heime når eg sjølv har rømt vekk frå øs og pøs.

Sjå premieren på programserien «Værbitt» på NRK 1 klokka 2015 på søndag – eller på nett-tv.

Vêrbitt vestlending i aust og sør

Nokre gonger får eg det for meg at eg skal forlenge sommaren og stikke til Syden på hausten. Då slepp eg i tillegg unna hauststormar, stengte fjellovergangar, fallande temperaturar, mørke og våte kveldar og dei aller fyrste frostnettene. Eg ligg og gratulerer meg sjølv under palmane fordi eg slepp unna drittvêret heime. Men kvar gong ferien er over og eg set mine solbrente, gåsehuddekka lankar på den såpeglatte asfalten (mest sannsynleg dekka av underkjølt regn) på Flesland, kjenner eg at eg har sakna Vestlandet. Eg prisar meg lykkeleg over at austlendingen som prøvde seg på ein plump vits om det våte Vestland der nede i Syden fekk så solhatten passa. For dårleg vêr på Vestlandet, twiiiiii for noko tøv. So gale er det no ikkje! Nei, skal nokon seie noko stygt om vèret på Vestlandet, så er det vestlendingen sjølv og ingen andre. Punktum!

Austlendingen beklagar at ikkje vêret er heilt på vår side der vi ligg og nyt sommarvarmen.

Eli Kari Gjengedal

Men det er ikkje berre til Syden ein vêrbitt vêrjeger tek turen. Ein svippar frå tid til anna innom Austlandet også. Det er som å kome til himmelen! Hageputene kan ligge utandørs fleire veker i strekk på sommaren! Det er i van(n)tru eg ser dette. Nydeleg blå himmel dag etter dag, berre avbroten av nokre små blomkålskyer som driv sakte over himmelen. Morsomt å sjå på og for eit nydeleg sommarvêr. Men kva får eg frå austlendingen? Han beklagar at ikkje vêret er heilt på vår side der vi ligg og nyt sommarvarmen. Jau, for det er tross alt ikkje 100 prosent skyfritt, må vite. Kva pent vêr er, kan diskuterast. Det er i alle fall svært ulikt kva ein betraktar som pent vêr på Austlandet kontra Vestlandet. Det forholdsvis stabile ( nokon vil kanskje kalle det kjedelege) vêret på Austlandet er kanskje grunnen til at hovudstaden vår ligg nettopp der. Få overraskingar – livet kan gå sin vante gang. Om vinteren gjer det kalde, stabile austlandsklimaet sitt til at austlendingen er svøpt inn med dun og skinn og gjerne plassert oppå ein spark. Det er laaaangt mellom duna og sparkane i vest.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Sindige sørlendingar

Tek eg turen sørover langs kysten opplever eg at her tek ein vêret med knusande ro på ein heilt annan måte enn heime i vest. Halloooo! Kva skal ein sørlending stresse for, eigentleg. Det er ikkje akkurat slik at sola stikk av med det fyrste.

Kva skal ein sørlending stresse for, eigentleg? Det er ikkje akkurat slik at sola stikk av med det fyrste.

Eli Kari Gjengedal

På Sørlandet er det ikkje snakk om å hive hageputene ut i en fei og invitere heile slekta på grillfest i håp om å kunne ete ei tørr pølse før regnet dryp ned igjen. Neida, ein sørlending kan tillate seg å sige nedover Markens gate med solbriller på, utan bekymring for om vêret held til grillfesten. Det er jo ikkje noko å stresse med. Grille kan ein jo gjere i dag, i morgon eller neste veke, for den saks skuld. Ein sørlending treng ikkje stå opp av senga med eit mål for auge; å sjekke kor lavt skydekket er i dag. Her tek ein nærmast sola for gitt der ein daffar rundt i kortbukser og kortarma…. og det med rette.

Robuste nordlendingar

Vågar eg meg nordpå til kulden, vinden, snøen og mørketida, skal tru? Jaudå, klart det! Det er ikkje noko som er kjekkare enn ein kar frå kalde nord, rapp i kjeften som eim frisk kuling. Skal tru om dei ramsalte replikkane kjem av at her må ein vere kjapp i kjeften før vêret snur? Det bles jo antakelig opp til storm kor tid som helst og ein kan risikere å ikkje høyre ein skit. Eller kjem det frodige språket av at nordlendingane bruker mørketida til å klekke ut dei gode kommentarane medan vinden herjar utanfor døra? Ikkje rart dei har rorbuer proppfulle med vitsemakarar og ein Oluf!

Ingenting er meir sexy enn ei skinnlue som rammar inn kinnbeina på kjærasten, seier finnmarkingen.

Eli Kari Gjengedal

Folk i nord handterer uansett vêret på sin eigen rause måte. Her har ein 100 prosent respekt for vêrets lunefulle vesen. I nord nyttar det ikkje å ta seg ein høneblund i bilen ved ei utkjørsel, for her stoppar alle og pikkar på ruta. Det kunne jo vere at ein treng hjelp; det er langt mellom folk og massevis av kudegrader!
Folk i nord er robuste og tolmodige, tid betyr ikkje det same i nord som i sør. Kor mykje tid folk har er det vêret som bestemmer i Nord-Norge. Og folk finn seg i det!
Vêret er til sjuande og sist sjefen over oss sjølv om vi helst ikkje vil vedgå det. Vêret formar oss som mykje meir enn det vi trur. Det bestemmer til og med kva som er sexy!

Ingenting er meir sexy enn ei skinnlue som rammar inn kinnbeina på kjærasten, seier finnmarkingen til meg, ein sørlending ville kanskje heller sett på bikinien… som vestlending held eg fram med å ha støvlane på.