Meldinga kom som eit sjokk då regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett i oktober. Regjeringa ville kutte tilskotet på 9,2 millionar til den internasjonale skulen Nordic United World College.
Av di skulen allereie hadde det tungt økonomisk, ville konsekvansane av dette i følge UWC-styret bli nedlegging. Men etter budsjettforliket mellom dei tre regjeringspartia og Arbeidarpartiet, er skulen som vart opna i 1995 no redda.
Både lokalt, nasjonalt og internasjonalt har det vore jobba hardt opp mot dei politiske partia for å redde skulen som har 200 elevar frå 80 land.
Letta og glade
Utviklingsdirektør Magne Bjergene er svært letta. - Vi er voldsomt gilde, for å seie det på sunnfjordsk, humrar han.
Ein fornøgd Magne Bjergene
- Dette har vore ei viktig sak, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Reidar Sandal. Han har som mange andre engasjert seg for å redde skulen. - Dette er ei sak som både måtte og burde få ei anna løysing enn regjeringa først føreslo, fastsler Sandal.
Har stått på
Det er altså blitt jobba hardt opp mot dei politiske partia for å redde skulen. No får mellom andre ordførar i Fjaler, Arve Helle, løn for strevet når skulen no likevel får tilskotet på over ni millionar kroner.
Helle frykta at ei nedlegging av skulen ville få dramatiske konsekvensar for kommunen. UWC betyr enormt, seier Helle, for utanom kommunen er dette den største arbeidsplassen i Fjaler.