- Ho bør ikkje kallast for Jern-Erna lenger, ho bør kallast for Frekke-Erna. For ho kan umogleg tru på det ho sjølv seier, seier Mowatt.
Salt i såra
Harry Mowatt meiner Erna Solberg ikkje kan tru på det ho sjølv seier.
I går la kommunalminister Erna Solberg (H) fram dokumentet som gjev rammene for kommuneøkonomien det neste året. Og kommunane bør nytte året til å leggje seg opp pengar, vart det sagt frå regjeringshald. For renta har vore så låg, og lønsoppgjeret blir truleg så moderat at kommunane no må kunne spare til trongare tider, seier ho.
Men det meiner Hyllestad-ordførar Harry Mowatt (Ap) er å strø salt i såra. Det er heilt uråd for kommunar som har skore til beinet å legge seg opp pengar, og med dette aukar regjeringa vanskane våre, meiner Mowatt.
Inga sparing
Trude Brosvik er samd i at sparing er vanskeleg.
Ordførar i Gulen, Trude Brosvik (KrF), er samd i at det for distriktskommunane er vanskeleg å spara. Noko sparing kan det ikkje bli for Gulen heller. Men ho vil ikkje ha partiet sitt ut av regjeringssamarbeidet.
Kommuneproposisjonen råkar born og eldre, seier fylkesleiar i Senterpartiet, Knut M. Olsen. For mange kommuner har ikkje andre stader å kutte enn innan helse- og skulesektoren.