Hopp til innhold

Får julegåve til 15 millionar kroner

United World College får 15 millionar kroner til rehabilitering. – Veldig gledelege nyhende, jublar utviklingsdirektør Arne Osland.

Hauglandsenteret og UWC i Flekke

FÅR PUSSE OPP: United World College i Fjaler får 18 millionar kroner til å gjennomføre naudsynt rehabilitering.

Foto: Ottar Starheim

Etter 22 års drift står United World College framfor omfattande rehabilitering av bygningsmassen.

Mellom anna skal bada på studentinternata skiftast ut.

– Løyvinga gjer oss langt på veg i stand til å ta desse løfta, seier Osland og viser til tre millionar kroner i årleg dei seks neste åra.

Pengane kjem over statsbudsjettet.

– Blir eit puslespel

– Vi har veldig gode planar for vedlikehald, og då er det flott at vi kan komme i gang. Baderom, til dømes, kan bli ekstra dyrt om vi ventar for lenge, seier Osland.

Oppussinga vil starte med det same, men utviklingsdirektøren seier det blir eit puslespel å gjennomføre ei slik oppgradering medan 200 elevar går på skulen.

– Det er nok litt lettare enn å bygge skjener medan toget går, men det skal gå. Det passar bra med litt ekstra kapasitet i nybygget, der elevar kan flytte ut på omgang, seier han.

Sunnfjord i verda

I november vart det kjent at budsjettsemja på Stortinget gav United World College midlar til rehabilitering. Då fortalde KrF sin Tore Storhaug at summen var tre millionar kroner.

KrF-politikaren framhevar det allsidige bruksområdet til bygningsmassen. I tillegg til United World College, er Røde Kors sitt ferietilbod mellom brukarane.

– Det er ein skule som betyr ein del for nærmiljøet og for Sunnfjord i verda. Det er ein skule der det lokale og globale møtast, men som ikkje har hatt finansieringa til å ta den naudsynte opprustinga, seier Storehaug.