Hopp til innhold

Stolte elevar frå UWC får vere med på fredspris-utdeling

Fem studentar frå United World College i Fjaler er til stades i Oslo Rådhus når fredsprisen i dag blir delt ut til deira store førebileta som betyr så mykje for dei.

UWC

SPANANDE DAG: Dei tre elevane ved UWC i Fjaler gler seg til nobelprisutdelinga. Frå venstre: Gantham frå India, Muhammad Hamaza Jalil Albasit frå Pakistan og Clara Edwards frå Sverige.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– I dag er eg verkeleg stolt over å vere ein indar, det er viktig å gjere noko for barn sine rettar. Det sa ein stolt Gantham frå India.

I dag blir fredsprisen delt ut til to personar som står for unge sine rettar til utdanning og påverking til fred. Dette synspunktet har også mange av elevane ved United World College i Fjaler.

Får vere tilstades

Sidan 1995 har UWC i Fjaler vore invitert til å sende ein gjeng med studentar til prisutdelinga, i år er ingen unntak og ekstra relevant for den internasjonale skulen. Her er det elevar frå heile verda, blant anna frå India, Pakistan og område rundt. Difor er det ei ekstra stort for desse elevane å få oppleve prisutdelinga i år.

Viserektor ved skulen, Alistair Robertson skal vere til stades i Oslo i dag saman med fem studentar.

– I år er det veldig spesielt, fordi det handlar om unge jenter sine rettar, og det er noko vi står for også, seier Robertson.

Glade for tildelinga

Clara Edwards er ikkje frå områda der prisvinnarane kjem frå, ho er frå Dalarne i Sverige. Likevel betyr prisutdelinga og verdiane til vinnarane mykje for Edwards, så ho gler seg til å reise saman med dei andre studentane.

– Det som er så kult er at vi på United World College står for nettopp det Malala og Kail-ash får pris for, og eg brenner sjølv for unge kvinners rettar.

Pakistanaren Muhammad Hamaza Jalil Albasit er med i reisefølgje, og er også stolt med tanke på at Kailash Satyarthi er frå Pakistan.

– Eg er veldig glad for at Nobel-komitéen valde ut nettopp Satyarthi som er frå mitt land, men det som betyr mest er saka ho og Malala står for.