NRK Meny
Normal

Uvêr skapar trøbbel på fjella

Sidan tidleg julaftan har uvêret skapt problem på fleire av fjellovergangane inn og ut av Sogn og Fjordane. Utover føremiddagen har vêret blitt stadig dårlegare.

Strynefjellet ved Breidalen julaftan morgon

DET BLES GODT: På riksveg 15 over Strynefjellet tidleg julaftan morgon.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Riksveg 5 i Sogndalsdalen på julaftan

VINTERFØRE: På riksveg 5 i Sogndalsdalen ser det slik ut tidleg om morgonen julaftan.

Foto: NRK-tipsar

Det er varsla at eit veldig uvêr inn over Sør-Norge i dag julaftan, og ifølgje meteorologane er stormen på grensa til ekstremvêr. Den sterke vinden og nedbøren merkast også på fjella i Sogn og Fjordane, tysdag morgon er det slett ikkje problemfritt å komme seg fram.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det så ille at vegen har vore stengd sidan tidleg julaftan. Like før klokka 12 er det klart at fjellovergangen ikkje opnar tysdag.

På riksveg 15 over Strynefjellet er det kolonnekøyring. Her bles det så bra at det kan bli stengd på kort varsel.

– Det er ganske ruskete vêr oppå der, seier Nedberge Hille.

Varslar kolonne på rv. 52

Både på riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 over Filefjell har det vore fri ferdsel i morgontimane. Men i 10.30-tida har det byrja dra seg til på Hemsedalsfjellet. Vegvesenet varslar at det kan bli innført kolonnekøyring her på kort varsel.

– Det er veldig dårleg sikt på fjellet, og det kan fort bli innført kolonnekøyring der. Dei som har tenkt seg over fjellet bør vere raske, seier Hille til NRK.no klokka 10.30.

Det er framleis meldt om bra forhold på E16 over Filefjell.

Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin var nattestengd fram til klokka 08, men vart då ikkje opna. Årsaka er at uvêret herjar og fjellovergangen blir difor framleis halden stengd.

Det skal elles ikkje vere meldt om problem på vegane i Sogn og Fjordane natt til julaftan.

Slik er stoda klokka 13.00:

  • E16 Filefjell – ope for fri ferdsel. Snø og isdekke, klokka 05.30 var det minus 1 grad, lett bris og lette snøbyer
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna julaftan.
  • Riksveg 15 Strynefjellet – opna like før klokka 12 for fri ferdsel etter at det var kolonnekøyring her tidlegare
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – ope for ferdsel. Snø og isdekke. Klokka 10.20 var det minus 3 grader, liten kuling og snø. Det er redusert sikt enkelte stader og det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna vedlikehaldsarbeid fram til 2. januar
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin – stengd grunna uvêr
  • Fylkesveg 92 – Stordalsstølen-Hestfossen i Høyanger kommune, stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna julaftan

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.