Klokka 11:30 varslar Vegtrafikksentralen at desse vegane er stengde:
- Riksveg 13 Vikafjellet, stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering klokka 13.
- Fylkesveg 618 Almenning–Selje, stengt på grunn av steinras. Venta opna klokka 15.
- Fylkesveg 55 Esefjorden, stengd på grunn av rasfare
- Fylkesveg 92 Matre–Bjordalen, stengt på grunn av rasfare
- Fylkesveg 152 Ulvestad–Menes, stengt på grunn av rasfare
- Fylkesveg 50 Hol–Aurland, kolonnekøyring
– Det er vind og snøbyer på fleire av fjellovergangane. På Hemsedalsfjellet er det stiv kuling, med redusert sikt, og det er fare for at det kan bli kolonnekøyring på kort varsel, seier Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen.
Til no har det ikkje melding om uhell eller ulukker på vegane, men bilistar som skal ut med bil må vere budde på varierte køyreforhold.
– Det er gjerne glatt der det er snødekke no. Og temperaturane ligg på null grader, og då blir det glatt når det kjem snø på, seier Erikstad.
- Les også:
Det er meldt periodevis stiv kuling utsette stader, frå i føremiddag sterk kuling måndag føremiddag. Snø- og sluddbyene held fram, på kysten kjem det truleg som regn. Det er framleis fare for tore, melder Meteorologisk institutt.