Skal du heim til jul? Då bør du lese dette...

Mykje nedbør og store temperatursvingingar fører til krevjande køyreforhold og stor rasfare mange stadar. Må du ut å køyre, bør du ta forholdsreglar.

Vikafjellet

STENGT: Riksveg 13 over Vikafjellet vart i kveld stengt på grunn av rasfare.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– At det vert krevjande forhold, er det lite tvil om, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Jørgen Grønneberg.

Riksveg 13 over Vikafjellet stengde klokka 20.00 etter at det har vore kolonnekøyring der i fleire timar på grunn av uvêr. Også på andre fjellovergangar på Vestlandet er det varierande køyreforhold.

Meteorologisk institutt melder om vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland både i dag og i morgon på grunn av forbigåande temperaturstigning, i kombinasjon med nedbør og kraftig vind.

Grønneberg kan ikkje love mykje betring.

Temperaturfall kompliserer skredbiletet

– Det har vorte mildvêr langt opp i fjellet. Snøgrensa er venta å nå mellom 800 og 1000 meter i løpet av kvelden, og det er ganske høgt. Men allereie i morgon kryp snøgrensa ned att. Og alle fjellovergangar vil få snø ned til 400 meter, seier Grønneberg.

Snøskredvarslinga melde i går faregrad fire, stor fare for snøskred, i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette varselet varer til måndag.

– I morgon får vi eit betydeleg temperaturfall samanlikna med det vi har i kveld. Og det kompliserer skredbiletet, seier Grønneberg.

Han legg til at strukturen i snøen vil endre seg, ved at det no først er mildt, og så at det vert kaldare.

– I tillegg vert det påfyll av snø heile måndag og tysdag, seier Grønneberg.

Bu deg på snøføyk og fokk

Vêret måndag og tysdag vil verte ganske likt.

– Vinden vil stå beint vestleg, med liten til stiv kuling og sterk kuling utsette stadar, seier Grønneberg.

Først tysdag ettermiddag kjem vinden til å minke noko.

– For dei som skal krysse høgfjella, betyr det både snøføyk og fokk. Det blir ille nok med både vind og nedbør, og eg vil tru det vil setje brøytefolka på prøve, seier Grønneberg, som ber dei som skal ut på vegane om å følgje nøye med på varsla.

– Vinden blir like kraftig over heile fjøla, så det er ikkje lett å rå nokon til å velje den eine eller andre vegen, seier Grønneberg.

Følg med i trafikken

Vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad, seier trafikken har flote jamt heile helga. Det har ikkje vore meldt om dei store problema, men han ber folk følgje ekstra med dersom dei skal krysse ein fjellovergang.

– Viss det dreg seg til, så er stort sett E16 over Filefjell det mest stabile for trafikk ut og inn av Sogn og Fjordane. Ver uansett budd på at det kan verte kolonnekøyring på kort varsel, seier Erikstad.

Ha full tank på bilen, varme klede og sko og gjerne ein ekstra matpakke med.

– Ver føre var. Og ta det med ro. Også i låglandet kan det fort verte vekslande køyretilhøve dersom det kjem mykje snø, seier Erikstad.

Roleg julaftan

Men trass i litt ruskevêr dei siste dagane før jul, lovar meteorologen ei fin julaftan.

– Nedbøren minkar og det vert lite vind på julaftan. Bortsett frå einskilde snøbyer i ytre strøk, vert det opphald. Temperaturen går ytterlegare ned, og det vert minusgrader i det meste av Sogn og Fjordane, seier Grønneberg.

Og har du skikkeleg flaks, kan du også komme til å sjå sol.

– Det ser stilt og roleg ut for julaftan, seier Grønneberg.