Hopp til innhold

Utset sjukehus-kutt

Nedlegging av sjukehuset i Florø og kutt i den forsterka fødestova i Lærdal blir tema når Helse Vest og Helse Førde møtest førstkomande onsdag.

Clara Øberg
Foto: NRK

- Det er bra at vi får drøfta dette. Det er eit krevjande arbeid vi driv på med no. Det som er klart frå vår side er at vi ikkje kan drive med alle dei tenestene vi har i dag viss vi skal få budsjettet i land, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Store økonomiske problem

Helse Førde må kutte over 20 millionar kroner på årets budsjett, og må redusere drifta ytterlegare neste år. I denne diskusjonen er det tenkt høgt både om å leggje ned nærsjukehuset i Florø og redusere den forsterka fødestova i Lærdal. Øberg vedgår at dette kan bli tema på møtet onsdag.

- Det er vel naturleg å tru at dette noko av det vi vil diskutere. Men i tillegg må vi diskutere mykje meir, fordi vi har store økonomiske utfordringar som vert endå større i 2007.

Ventar på Helse Vest

- Betyr det at eit eventuelt forslag om å leggje ned i Florø og redusere i Lærdal ikkje er nok for den framtidige drifta av Helse Førde?

-Det kan vere situasjonen. Men akkurat dei konkrete tiltaka kan eg ikkje kome inn på no, før eg får høyrt kva sjukehuseigar Helse Vest seier på onsdag, forklarar Øberg. 

Nytt styremøte

Det er styret i Helse Førde som må gjere vedtaka som får budsjettet i balanse, og til lenger det lir på året, til meir dramatiske kutt må det til for å greie det. Det blir difor budsjettmøte ganske snart, men dato er ikkje bestemt.

- Det vil vi avgjere rett etter onsdagens møte.