Hopp til innhold

Utdanningsforbundet trappar opp streiken

Utdanningsforbundet har teke ut 51 nye lærarar i Sogn og Fjordane i streik frå torsdag 21. august.

Lærarstreik

FLEIRE SKAL STREIKE: Den siste veka har 113 streikande lærarar hatt ungdomshuset Viking som tilhaldsstads.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

37 av dei jobbar ved Øyrane vidaregåande skule og 14 i Førde kommune ved norsksenteret.

Ved tidlegare Mo jordbrukskule, som no ligg under Øyrane, er alle lærarane der tekne ut. I tillegg til fellesfaglærarane.

– Det er ikkje lett, og opptrappinga er ikkje noko ynskt situasjon med skulestart rett om hjørnet. Vi ynskjer å råke dei minste minst og tek der det er eldre elevar som klarer seg sjølve, seier streikegeneral Sissel Sande og skildrar uttaket som moderat.

Vil råke arbeidsgjevar

Sissel Sande

STREIKELEIAR: Sissel Sande seier dei framleis vil råke eldre elevar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Torsdag var det nytt meklingsmøte i den fastlåste konflikten, men partane vart ikkje samde. Og i dag varsla altså Utdanningsforbundet ei opptrapping av streiken med 2200 fleire lærarar.

I denne omgang blir altså lærarar ved norsksenteret i Førde, som lærer norsk til innvandrarar.

– Når ein tek norsksenteret, så handlar det om å råke arbeidsgjevar fordi det handlar om arbeidsgjevar sin økonomi, slik den type tenester er organisert, seier Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar i Utdanningsforbundet.

Klare for lang streik

Måndag gjekk totalt 113 lærarar og rektorar ved Førde ungdomsskule, Halbrend skule og Hafstad vidaregåande skule ut i streik. I staden for å førebu seg for til det nye skuleåret, har dei hatt streikevakter og streikevake.

Gunn Marit Haugsbø

FYLKESLEIAR: Gunn Marit Haugsbø seier Utdanningsforbundet har planane klare for både opptrapping og langvarig streik.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det har råka planleggingsdagane knytt til skulestart, og arbeidsgjevar si planlegging. Lærarane er klare om det skulle bli ytterlegare opptrapping.

– Vi har planane klare både for å auke innanfor området her, men også planane klare for å stå i ein langvarig streik. Situasjonen er krevjande for alle partar og vi ynskjer ei løysing. Lærarane likar ikkje å streike, men saka er så viktig for lærarane og norsk skule at den vil vi kjempe for, seier Haugsbø.

Langvarig strid

Striden mellom arbeidsgjevar, kommunane sin interesseorganisasjon KS og Utdanningsforbundet, har pågått i lang tid og dreier seg i stor grad om kva arbeidstid lærarane skal ha.

Då streiken første gongen blei unngått i vår etter mekling, blei forslaget sendt ut på uravrøysting. Fleirtalet av medlemene i Utdanningsforbundet var klare på at dei ikkje godtok resultatet. Dermed blei 5500 lærarar i landet tekne ut i streik og. 22 kommunar og 18 fylkeskommunar blei råka.

Haugsbø trur ikkje at streiken vil ende med tvungen lønnsnemnd.

– Det er i hovudsak knytt til liv og helse, og det er eit stykke fram til det. Samstundes kan det knytast til samfunnsinstitusjonar av veldig stor betydning. Men då treng vi eit større uttak, seier ho.