Hopp til innhold

Ut av sjukehusaksjonen

Lokalsjukehusforkjempar Daniel Bjørlo melder seg ut av aksjonen for Nordfjord sjukehus på grunn av usemje med leiinga i aksjonen.

Nordfjord sjukehus
Foto: NRK

Bjørlo har i lang tid vore kritisk til sjukehusaksjonen si uforsonlege linje mot Helse Førde. Og før helga fekk han nok.

- Av og til må ein setje ned foten og seie at nok er nok.

- Konfrontasjonslinja øydelegg

Daniel Bjørlo har sett seg lei på leiinga i aksjonen for Nordfjord sjukehus som dei siste åra har sett fram ramsalt kritikk av Helse Førde i lesarbrevspaltene i Fjordabladet og andre lokalaviser. I førre veke retta Bjørlo skarp kritikk mot aksjonsleiinga. Sjukehusforkjemparen meiner konfrontasjonslinja øydelegg meir enn det gagnar sjukehuset på Nordfjordeid.

- Det er ikkjeom å gjere å slamre igjen dørene, eg trur på å opne dører og skape kontakt.

- På kammerset

Leiar i aksjonen for Nordfjord sjukehus, Knut Leirgulen, vil ikkje kommentere utmeldinga til Bjørlo. Men då han for ei veke sidan blei kontrontert med kritikken frå Bjørlo, svara han slik:

- I ein akjson må ein vere samla utad og diskutere innad, slik at dette skal eg ta opp med Daniel på kammerset.

- Vil halde fram kampen

Trass i klar tale frå Leirgulen avviser Bjørlo at han er blitt skvisa ut. Og sjølv om sjukehusforkjemparen har meldt seg ut av aksjonen, vil han halde fram med å kjempe for lokalsjukehuset i Nordfjord. Og heilt åleine trur han ikkje at han blir.

- Det er fleire som har sagt at dei ser det på same måten som eg.

- Kan det vere aktuelt å opprette ei asjonsgruppe som arbeider på den måten du meiner er rett?

- Nei, det vil eg ikkje. Eg driv ikkje nokon konkurranse med sjukehusaksjonen.