Hopp til innhold

Usemje om asylmottak i Jølster

Politikarane i Jølster er usamde om kommunen bør få endå eit asylmottak. Norsk Mottaksdrift ønskjer å opprette eit nytt mottak på Skei og meiner kommunen vil tene på eit nytt mottak.

Rådmannen i Jølster

USEMJE: Jølster-rådmann Børge Tvedt og Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift er usamde om det bør opprettast eit nytt asylmottak i Jølster.

Foto: Bård Siem

– Ja, det meiner eg faktisk. I dette tilfellet der det er snakk om 15 nye årsverk, høge statlege tilskot og små kommunale utgifter, blir det eit plussrekneskap for kommunen, seier Per Erik Lykstad, dagleg leiar i Norsk Mottaksdrift.

Gammalt HV-bygg

Det er det tidlegare HV-10-bygget på Skei i Jølster Norsk Mottaksdrift ønskjer å bruke som asylmottak for 25 einslege mindreårige mellom 15 og 18 år.

Jølstringen Steinar Dvergsdal disponerer bygget og Norsk Mottaksdrift har inngått ein intensjonsavtale med han.

Ulike meiningar

Tidlegare i dag fekk Jølster kommunestyre orientering frå representantar frå Norsk Mottaksdrift og Utlendingsdirektoratet. Det kom fram delte meiningar om det planlagde asylmottaket, og ein av dei som var positiv var Tore Gamborg frå Høgre.

– Dei unge asylsøkjarane kjem frå land som Eritrea, Somalia, Afghanistan og Syria. Då treng ein ikkje vere veldig smart for å forstå kva kvardag dei har og at dei har behov for tryggleik. Kva behov asylsøkjarane har må vere utgangspunktet i ein kvar asyldebatt, seier han.

Ein treng ikkje vere veldig smart for å forstå at dei mindreårige asylsøkjarane treng tryggleik. Det kan vi gje dei i Jølster.

Tore Gamborg

Så du ønskjer dei unge asylsøkjarane velkomne til Skei og Jølster?

– Det gjer eg absolutt. Vi har hatt liknande prosessar tidlegare i kommunen i forkant av at asylmottaket på Vassenden vart oppretta. Der spelte idretten ei stor rolle for å ta imot asylsøkjarane. Vi må ønskje dei unge asylsøkjarane velkomne og som vertsskapskommune må vi gjere det vi kan for å integrere dei, seier Gamborg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Gamborg

SEIER JA: Tore Gamborg (H) seier ja til mottak for mindreårige asylsøkjarar på Skei.

Foto: Bård Siem / NRK

Rådmannen skeptisk

Asylmottaket på Vassenden har nærare 100 bebuarar og blir drive av Norsk Folkehjelp. Rådmann i Jølster, Børge Tvedt, var ikkje like begeistra for endå eit mottak i kommunen

– Eg er skeptisk fordi det her er snakk om ei gruppe med særskilde behov. Det er først og fremst dei som driv mottaket som skal stå for dette, men også kommunen skal yte helsetenester, barnevernstenester og undervisningstilbod. For ein liten kommune som Jølster er dette krevjande, seier rådmannen.

UDI positiv

Seniorrådgjevar i Utlendingsdirektoratet, Sissel Mehammer, meiner på si side Jølster kommune har dei beste føresetnader til å ta imot 25 mindreårige asylsøkjarar på Skei.

– Jølster har lang erfaring med å vere vertskommune for asylmottak og dei kan allereie mykje om mottaksdrift. Slik sett ser eg ikkje spesielle utfordringar rundt dette, sa ho.

– Men dette er barn og ungdom som kanskje er traumatiserte. Vil dei ikkje slik sett ha stort behov for hjelpetenester som til dømes barnevern?

–Det er ofte eit tett samarbeid mellom mottaka og barnevernet, men eg trur ikkje det er rett å seie at det er mange barnevernssaker knytt til mottaka.

Sissel Mehammer i UDI

POSITIV: Sissel Mehammer i UDI meiner Skei i Jølster er veleigna for eit nytt asylmottak.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ikkje kommentere

Steinar Dvergsdal som disponerer HV10-bygget og som prøvar å få leigd det ut til Norsk Mottaksdrift ønskjer ikkje å kommentere saka.

Men det gjer kommunestyrerepresentant Arve Dvergsdal frå Arbeidarpartiet. På møtet tidlegare i dag uttrykte han skepsis mot det planlagde asylmottaket.

– Vi har i dag allereie eit mottak og vi har vedteke å busetje mange flyktningar. Då meiner eg at vi har stilt opp overfor storsamfunnet. Når det no er snakk om å opprette eit nytt mottak, er det store nye utfordringar for kommunen. Det kan bli i meste laget, seier han.

Arve Dvergsdal.

SKEPTISK: Arve Dvergsdal (Ap) er skeptisk til å opprette eit nytt asylmottak i Jølster.

Foto: Bård Siem / NRK

Håper på Jølster

Utlendingsdirektoratet skal innan eit par vekers tid avgjere om det blir eit nytt asylmottak i Jølster. Per Erik Lykstad i Norsk Mottaksdrift håper Jølster blir valt.

– Det vil bli mellom 12 og 15 nye årsverk ved mottaket. I tillegg vil det generere ein heil del anna aktivitet i bygda. Så dette er berre positivt, seier han.

– Men selskapet ditt, Norsk Mottaksdrift der du eig halvparten av aksjane, tener vel også gode pengar på slike mottak?

– Vi har eit firma som går godt, men vi har samtidig utsett for veldig stor risiko.