Hopp til innhold

– Marknaden må ikkje få avgjere kvar det skal vere asylmottak

SV vil ikkje at marknaden skal styre kvar dei norske asylmottaka skal liggje. Nyleg vart det avgjort at det velfungerande asylmottaket i Kalvåg i Bremanger skal leggjast ned, medan det i staden skal opprettast eit nytt mottak i Høyanger.

Vibeke Johnsen

SKEPTISK TIL ANBOD: Fylkesleiar Vibeke Johnsen i SV.

Foto: SV

Årsaka er at Høyanger var billigast og at anbodsreglane må følgjast. Dette er ikkje bra, seier Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV.

– Vi er i utgangspunktet skeptiske til at storparten av tenestene skal løysast ved anbod, fordi det ofte blir kortsiktige tiltak. Det blir hastige avgjerder, og det er ikkje alltid ein får dei gode prosessane som er viktige.

Vedtaket om å legge ned det velfungerande asylmottaket i Kalvåg i Bremanger og i staden opprette eit heilt nytt mottak i Høyanger, har skapt sterkt engasjement i Sogn og Fjordane.

Sidan Høyanger kom billegast ut og krava til kvalitet er innfridd, må Utlendingsdirektoratet ifølgje anbodsreglane leggje mottaket dit.


– Kjenner ikkje vurderingane

Høyanger sett frå Høgebakkane

MOTSTAND MOT MOTTAK: I Høyanger er det mildt sagt lite begeistring å spore for å få 150 asylsøkarar til bygda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Himanshu Gulati

ENDRING FØREBELS UAKTUELT: Statssekretær Himanshu Gulati har ikkje planar om å gjere asylmottaka statlege.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Vibeke Johnsen meiner det bør vurderast å byte ut dagens ordning med private aktørar og anbod, med statlege asylmottak.

– Vi må alltid over måten vi løyser oppgåvene på er smart eller ikkje.

Statssekretær i Justisdepartementet, Himanshu Gulati frå Frp, som vitja Jølster asylmottak denne veka, avviser forslaget frå SV.

– Vi er ikkje inne frå politisk hald og vurderer kva mottak som blir etablerte eller lagde ned, så eg kjenner ikkje til dei konkrete vurderingane i desse sakene. Dette er det UDI som har avgjort.

– Men det er vel litt enkelt å skulde på UDI. Det er politikarane som styrer korleis mottaka skal fungere. Hadde Staten eigd mottaka kunne ein vel ha gjort ting på ein annan måte?

– Dette er slik systemet har vore i mange år. UDI er nøydd til å ha nok plassar basert på den tilstrøyminga som kjem kvart år. Førebels er det ikkje planar om å gjere mottaka statlege.