Hopp til innhold

Intern splid i Senterpartiet om høgskulefusjon

Fylkesordførar Jenny Følling er open for at høgskulen i fylket kan fusjonere. Det er stikk i strid med det hennar eigen gruppeleiar Sigurd Reksnes signaliserte på radio tidlegare i veka.

Følling og Reksnes toppar Sp-lista

FUSJON ELLER IKKJE: Gruppeleiar i Senterpartiet Sigurd Reksnes og Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Arne Stubhaug/Sindre Sunde Tveit NRK

Reksnes utfordra dei andre partia på kva dei meiner om høgskulesamanslåing, og slo fast at partiet hans er i mot. Men partifelle Følling er langt frå like kategorisk.

– Mitt syn er at vi må rigge oss slik at vi kan ta vare på utdanningane. Vi må ha utdanningane; lærar, ingeniør, sjukepleie og økonomi, og vi må kunne bygge næringar når fylket og næringsliv har behov for det, seier Følling.

– Men kva seier du om fusjon, ikkje fusjon?

– Det må styret som sit på dette kome fram til etter drøftingar. Dei må velje det som sikrar utdanninga i fylket, seier Følling.

Eitt parti, to meiningar

Det er heilt andre toner enn det enn gruppeleiar Sigurd Reksnes har gitt uttrykk for når han uttalt seg om saka.

– Vi meiner, og har meint at det ikkje er nokon grunnar til at ikkje høgskulen skal klare seg godt på eigne bein framover. Men det krev politisk mot og handlekraft, og det krev at det blir lagt til rette for det, at ein lagar system som legg til rette for at ein høgskulen som vi har i fylket kan overleve og utvikle seg vidare, seier Reksnes.

Når Følling uttaler seg om det same, er ho ikkje like bastant.

– Vi ynskjer det, men dette handlar og om kva premissar som vert lagt frå Stortinget. Vi kan ikkje risikere at vi mistar til dømes lærarutdanninga. Den må vi ta vare på i fylket, seier Følling.

– Er du usamd med Sigurd Reksnes i at høgskulen skal ha sjølvstende?

– Nei, det er vårt primærsyn, men vi er nøydde til å ta vare på utdanningane, seier Følling.