Hopp til innhold

Uroa over at talet på døypte går ned

Færre deltek på gudstenester, og talet på døypte og konfirmerte i Bjørgvin bispedøme går ned. – Kyrkja har mange utfordringar, seier leiar i Bjørgvin bispedømeråd.

Førde kyrkje

NEDGANG FOR KYRKJA: Talet på folk som deltek på gudstenester går ned.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– At dåpstala fell er alvorleg. Det er dei nye medlemmene våre og slik vi rekrutterer, seier Inger Helene Nordeide, leiar i Bjørgvin bispedømeråd.

I 2017 gjekk talet på døypte og konfirmerte i Bjørgvin bispedøme ned. Det same gjorde talet på deltakarar på gudstenester. Det syner årsrapporten for 2017.

Inger Helene Nordeide

RÅDSLEIAR: Inger Helene Nordeide er bispedømerådsleiar i Bjørgvin bispedøme.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi tek det på høgaste alvor at vi har fallande tal, men det er ein trend vi har sett over fleire år og som følgjer dei nasjonale tendensane, seier Nordeide.

I 2017 vart 5237 personar konfirmert i Bjørgvin. Det var ein nedgang på 251 personar frå året før.

Står ovanfor mange utfordringar

– Kyrkja har mange utfordringar, det må vi vere ærlege om. Den store utfordringa er å nå ut med kyrkja sitt bodskap til menneske i ulike livsfasar og aldersgrupper, seier Nordeide.

2017 var eit historisk år for den norske kyrkja. Det var det første året dei stod på eigne bein, skilt frå staten.

– No må vi jobbe endå meir med rekruttering. Vi ønskjer jo at kyrkja skal opplevast som viktig og sentral i livet til folk, seier ho.

– Vi må vere meir nytenkjande

I Sogn prosti er talet på døypte og konfirmerte stabilt, ifølgje prost Jermod Hausberg. Men stadig færre deltek på gudstenestene.

– Det er naturleg avgang. Folk sluttar å kome når alderen blir for høg og vi har ikkje den rekrutteringa vi skulle ønskje vi hadde, seier han.

I 2016 hadde Bjørgvin bispedøme 778 228 deltakarar på gudstenestene i sine prosti. I 2017 var talet 743 474. Det er ein nedgang på 34 754 deltakarar.

Prosten meiner det er ein trend i tida. Kyrkja har ikkje den underhaldningsverdien som mange ønskjer seg i dag.

– Det er ei utfordring og vi har ikkje fasiten på kva som skal til, men vi må vere meir kreative og nytenkjande, seier Hausberg.